Varslingsfunksjonalitet når ansatte endrer skattekort er inntil videre skrudd av.
Du vil ikke få beskjed om å hente nye skattekort. Du bør før utbetaling alltid forespørre om endrede skattekort.

Kva inneber elektronisk skattekort for deg som arbeidsgivar?

Du kan bestille skattekort for dei tilsette via lønnssystemet ditt eller via skatteetaten.no.

  • Du blir varsla dersom nokon av dei tilsette endrar skattekortet, og du har ansvaret for at skattekortopplysningane blir oppdaterte før neste lønnskøyring.
  • Du må ha tilgang til dei tilsette sine fødselsnummer/D-nummer for å hente elektronisk skattekort for dei tilsette.
  • Du har berre lov til å hente elektronisk skattekort for personar du skal betale ut trekkpliktige ytingar til.
  • Dei tilsette får melding om at du har henta skattekort for dei.
  • Dersom du som arbeidsgivar er usikker på om du er hovud- eller biarbeidsgivar, må du avklare dette med den tilsette. Dette gjeld berre for tilsette med tabellkort.