Varslingsfunksjonalitet når ansatte endrer skattekort er inntil videre skrudd av.
Du vil ikke få beskjed om å hente nye skattekort. Du bør før utbetaling alltid forespørre om endrede skattekort.

Kan eg hente skattekort for personar eg ikkje skal betale ut trekkpliktige ytingar til?

Handsaminga av personopplysningar som går fram av det elektroniske skattekortet, blir regulert av personopplysningslova, jf. POL § 8 og 11. Vilkår for å handsame personopplysningar går fram av POL § 8. Krav til handsaming av personopplysningar går fram av POL § 11.

Innhenting av skattekort føreset såleis at opplysningane blir handsama i samsvar med personopplysningslova. Dette inneber mellom anna at dersom ein har innhenta skattekort, men utbetaling av trekkpliktige ytingar ikkje blir aktuelt, må opplysningane slettast, jf. POL § 11 litra e, jf. § 28.

Skattytar vil i tillegg får informasjon i skattetrekksmeldinga om kven som har fått skattekortopplysningar om han/henne. Ved usemje blir det ei sak mellom skattytar og arbeidsgivar med Datatilsynet som rette instans.