Kva må du som arbeidsgivar tenkje på før du kan ta i bruk elektronisk skattekort?

Du må syte for at den som skal hente skattekortopplysningar har rett tilgjenge i Altinn. Det vil seie Innsendar/utfyllar-rolla for ein organisasjon.

Dersom det er første gong du skal bruke tenester i Altinn direkte frå lønnssystemet, må også lønnssystemet registrerast i Altinn. Lønnssystemleverandøren din eller Altinn brukarstøtte kan gi deg meir informasjon om dette.