Kva med plikta til å oppbevare skattytaren sitt skattekort?

Denne plikta er ikkje vidareført i den nye ordninga for elektronisk skattekort.
Skattebetalingsforskrifta § 5-1-11 om arbeidsgivar si handsaming av skattekortet, under dette plikt til å oppbevare skattekort, er oppheva. Føremålet med føresegna – at den einskilde arbeidstakar ikkje skulle kunne nytte hovuddelen av skattekortet hjå to arbeidsgivarar – gjer seg ikkje lenger gjeldande.

(Oppbevaringsplikta følgde tidlegare av § 5-1-11 (6): Skattekort som arbeidsgivaren har ved utgangen av inntektsåret, skal oppbevarast vidare i minst eitt år.)