Kvifor får du ikkje henta elektronisk skattekort for alle dei tilsette med D-nummer kvart inntektsår?

Utanlandske arbeidstakarar som skal opphalde seg og jobbe i Noreg for ein kortare periode får tildelt D-nummer. Ettersom opphaldet er mellombels, får ein berre skattekort for inneverande år. Ved årsskiftet må ein då søkje om nytt skattekort.

Når skattekortet er sendt ut, kan arbeidsgivar hente dette elektronisk.
Når skattytaren har fått tildelt skattekort vil du få varsel om det (same varsel som ved endra skattekort).