Nytt format på skattekortet for 2018

  • Skriv ut

I skattekortet for 2018 er det endringar både i kva skattekortet inneheld og korleis dei ulike lønnssystema hentar skattekortdata.

Fleire trekkopplysningar

Frå og med inntektsåret 2018 inneheld skattekortet éin eller fleire trekkodar som arbeidsgivar/pensjonsutbetalar skal trekkje etter. Det er fem trekkodar for lønn og éin for pensjon.

Trekkodane for lønn er:

  • lønn frå hovudarbeidsgivar
  • lønn frå biarbeidsgivar
  • lønn til utanlandsk borgar
  • lønn til utanlandsk borgar som grensegjengar
  • lønn til utanrikstenestemann.

Trekkoden for pensjon er:

  • pensjon.

I tillegg finst det eigne trekkodar som berre NAV skal nytte:

  • sjukepengar, dagpengar, uføretrygd med mer frå NAV
  • pensjon frå NAV.

I kvar av trekkodane ligg det eit skattetrekk i form av eit tabelltrekk, prosenttrekk eller frikort med eller utan beløpsgrense.

Korleis ser skattekortet ut

Ein vanleg lønnsmottakar har eit skattekort med tre trekkodar for lønn;

  • lønn frå hovudarbeidsgivar
  • lønn frå biarbeidsgivar
  • lønn frå NAV. Trekkoden lønn frå NAV blir nytta ved utbetaling av sjukepengar, dagpengar, uføretrygd o.a. frå NAV.

Pensjonistar har skattekort med trekkodane pensjon og pensjon frå NAV.

Ein person som har både lønn og pensjon skal ha eit skattekort som inneheld trekkodane for lønn og pensjon. Dersom til dømes trekkode for pensjon manglar, må ein endre skattekortet så det tek høgde for både lønn og pensjon.

Kva skal du som arbeidsgivar gjere

Dersom du er hovudarbeidsgivar skal du trekkje etter trekkoden lønn frå hovudarbeidsgivar. Dersom du er biarbeidsgivar skal du trekkje etter lønn frå biarbeidsgivar.

Dersom du skal betale ut lønn av meir særskild art, skal du trekkje etter dei andre trekkodane for lønn, som tidlegare forklart.

Det er ein eigen trekkode som skal nyttast når ein betaler ut lønn til arbeidstakar som berre skal betale trygdeavgift. Dette gjeld i hovudsak utanlandske borgarar som tilhøyrer gruppene flygande personell, landtransport og lottfiskarar.

Det er òg ein eigen trekkode for grensegjengarar.

Dersom den relevante trekkoden manglar, blir dette handtert som manglande skattekort. Skal ein betale ut lønn og det manglar trekkode for lønn, skal det trekkjast 50 prosent. Skal ein betale ut pensjon og det manglar trekkode for pensjon, skal det trekkjast 30 prosent.

Arbeidsgivarar eller pensjonsutbetalarar som oppdagar at det manglar rett trekkode for den aktuelle utbetalinga, må be den tilsette eller mottakaren av ytinga om å endre skattekortet.

Skattekortførespurnad frå lønnssystem

Alle lønnssystem som hentar skattekortdata må gjere tilpassingar før dei kan hente skattekorta for 2018. Skatteetaten har over lengre tid hatt ein tett dialog med alle leverandørar av slike system for å sikre at tilpassingane blir ferdige i tide. Dersom du har spørsmål om dette, tilrår vi at du tek kontakt med leverandøren din

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.