Som arbeidsgivar pliktar du å gjennomføre forskotstrekk

  • Skriv ut

I Noreg må alle arbeidstakarar betale skatt samtidig som dei tener opp og får utbetalt lønna. Det er arbeidsgivarane som har ansvaret for at det blir gjennomført forskotstrekk.

Pliktene dine som arbeidsgivar til å gjennomføre forskotstrekk kan oppsummerast i seks punkt:

  1. du må hente skattekortet til den tilsette elektronisk frå Skatteetaten
  2. du må rekne ut berekningsgrunnlaget
  3. du må bruke skattekortet på berekningsgrunnlaget for å finne korrekt forskotstrekk
  4. du må syte for at skattekortopplysningane er oppdaterte før kvar lønnskøyring
  5. ved kvar lønnskøyring må du gjennomføre forskotstrekk i bruttolønna til den tilsette, setje forskotstrekket inn på ein skattetrekkskonto og deretter overføre beløpet til skatteoppkrevjaren
  6. du må dokumentere forskotstrekket for den tilsette

Kva gjer du dersom arbeidstakaren ønskjer å trekkje meir skatt enn det skattekortet viser?

Ein treng ikkje nytt skattekort frå skattekontoret. Arbeidstakaren kan kontakte arbeidsgivar/lønnskontoret, eventuelt NAV / pensjonsutbetalaren din og be dei trekkje meir i skatt.

Skattebetalingslova (kap. 5 § 5-5, 2. ledd) forpliktar arbeidsgivar til å trekkje meir skatt dersom arbeidstakaren ber om det.

Nyttige verktøy for deg som skal rekne ut korrekt forskotstrekk og betale inn skatt

Lag KID-nummer

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.