Økonomisk ansvar og straffeansvar

  • Skriv ut

Som arbeidsgivar pliktar du å melde dei tilsette inn i arbeidstakarregisteret, og å gjennomføre forskotstrekk og utleggstrekk og betale dette til skatteoppkrevjaren. Dersom du ikkje oppfyller desse pliktene, er du økonomisk ansvarleg for dei same beløpa som elles ville blitt trekte frå arbeidstakar, med mindre du kan sannsynleggjere at det ikkje kjem av forsøming eller mangel på aktsemd frå di side.

Som arbeidsgivar kan du straffast med bøter eller fengsel i inntil 2 år dersom du ikkje gjennomfører trekket slik regelverket bestemmer.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.