Slik bereknar du grunnlaget for forskotstrekk

  • Skriv ut

Frådrag i berekningsgrunnlaget

Når alle trekkpliktige ytingar er rekna ut og lagde saman, må du trekkje i frå beløpa som nemnt nedanfor før du har det endelege grunnlaget som du skal utføre forskotstrekket i. Dette kallar vi frådrag i berekningsgrunnlaget og det må ikkje forvekslast med inntektsfrådrag, som er frådraga den tilsette kan krevje i skattemeldinga. Slike inntektsfrådrag har skattekontoret allereie teke omsyn til når dei har valt trekktabell og trekkprosent for kvar einskild person, og dei skal ikkje påverke forskotstrekket.

Du må gjere frådrag i berekningsgrunnlaget for:

  • pensjonsinnskot som du avkortar i lønna og som den tilsette har krav på frådrag for ved fastsettinga
  • fagforeiningskontingent som du avkortar i lønna og som den tilsette har krav på frådrag for ved fastsettinga
  • særskilt frådrag for sjøfolk busette i Noreg

Kontantytingar

Kontantytingar er lønn og pensjon ein betaler ut i pengar til den tilsette. Kontantytingar omfattar kontantar, pengar inn på konto, gåvebrev/gåvekort som kan løysast inn i kontantar, gjeldsbrev, sjekkar, reisesjekkar, giroar, utanlandsk valuta og så vidare. Kontantytingar inngår i berekningsgrunnlaget for forskotstrekk med bruttobeløpet.

Det gjeld eigne reglar for forskotstrekk i lønn og pensjon ved sommarferie og jul. Du skal ikkje utføre forskotstrekk i lovbestemt feriegodtgjersle, vanleg lønn i ferien eller uføreytingar i ferien. Ved månadsbetaling gjeld trekkfritaket for éin månad om sommaren og for ein halv månad før jul. Ved veke-, dag- eller timebetaling gjeld trekkfritaket for 4 veker i ferietida om sommaren og 2 veker før jul. Du står fritt til å bestemme om såkalla halvt trekk før jul skal skje i november eller desember. Dersom den tilsette ikkje har skattekort, skal ein alltid trekkje 50 %, også om sommaren og før jul.

I pensjon som du betaler til ein tidlegare tilsett som er skattemessig busett i utlandet, skal du òg utføre forskotstrekk. Forskotstrekket skal vere det same som skatten (kjeldeskatt) på denne pensjonen. Du må berekne kva skatten av pensjonen utgjer etter den satsen Stortinget har fastsett i skattevedtaket sitt for det aktuelle året. Ein skal gjennomføre forskotstrekk gjennom heile året, også om sommaren og før jul.

Minstegrenser for forskotstrekk

Dersom dei tilsette tener mindre enn bestemte minstegrenser i løpet av inntektsåret, kan du late vere å gjennomføre forskotstrekk.

Du kan late vere å utføre forskotstrekk dersom det er grunn til å tru at det samla forskotstrekket hjå den tilsette ikkje utgjer meir enn kr 100 i kalendermånaden.

Du kan òg late vere å utføre forskotstrekk når det er grunn til å tru at dei samla trekkpliktige ytingane til den tilsette ikkje kjem til å overstige kr 500 i kalendermånaden.

Er du ein privat arbeidsgivar og betaler for arbeid knytt til din eigen heim eller eigen fritidsbustad, kan du late vere å gjennomføre forskotstrekk når den samla lønnsutbetalinga til ein person i løpet av inntektsåret ikkje er meir enn kr 6 000. Det same gjeld når du betaler for verjeoppdrag etter verjemålslova. Betaler du meir enn kr 6 000, går heile beløpet inn i berekningsgrunnlaget for forskotstrekk.

Er du ein arbeidsgivar i gruppa "skattefrie selskap, foreiningar og institusjonar" (i skattelova § 2-32 definert som ein institusjon eller organisasjon, til dømes selskap, trussamfunn med meir, som ikkje har erverv til føremål), kan du late vere å gjennomføre forskotstrekk når den samla lønnsutbetalinga til ein person i løpet av inntektsåret ikkje overstig kr 10 000. Betaler du meir enn kr 10 000, går heile beløpet inn i berekningsgrunnlaget for forskotstrekk.

Naturalytingar 

Med naturalytingar meiner vi alle økonomiske fordelar som som den tilsette får i anna enn kontantar eller andre betalingsmiddel. Døme på naturalytingar er varer, tenester, aksjar, rentefordel ved rimelege lån og bruksrettar. Slike gode er naturalytingar ikkje berre når ein yter dei gratis, men òg når dei blir selde til underpris. Somme naturalytingar er skattepliktige, andre er skattefrie. Eit døme på ei skattefri naturalyting er gratis parkering på arbeidsplassen.

Ein skal utføre forskotstrekk i naturalytingar dersom dei er skattepliktige.

Når du har gitt dei tilsette skattepliktige naturalytingar, må du berekne verdien av desse ytingane. Det er gitt verdsetjingsreglar for ulike typar naturalytingar.

Det er fastsett eigne satsar for verdien av:

  • kost og losji som arbeidsgivar betaler for dei tilsette
  • privat bruk av arbeidsgivaren sin bil (firmabil)
  • rentefordel ved rimelege lån i arbeidsforhold
  • fordel ved kostinnsparing i heimen
  • privat bruk av arbeidsgivarfinansiert elektronisk kommunikasjon

Det er gitt reglar om korleis ein skal verdsetje bustad som arbeidsgivaren eig eller leiger og som dei tilsette får stilt til disposisjon.

Somme naturalytingar er det du som arbeidsgivar som må verdsetje. Dette gjeld til dømes:

  • eigentilverka varer og driftsmiddel
  • varer og tenester osv. som er innkjøpte særskilt for arbeidstakarane
  • tenester utførte av arbeidsgivar
  • opsjonar i arbeidsforhold
  • fordel ved privat reise når ein nyttar kort betalt av arbeidsgivar

Vil du gjerne vite meir om verdsetjingsreglane, sjå lønns-ABC eller ta kontakt med den lokale skatteoppkrevjaren/kemneren din.

Slik finn du berekningsgrunnlaget

For å finne fram til rett forskotstrekk, må du først rekne ut grunnlaget for forskotstrekket, som du så skal bruke skattekortet på. Dette kallar vi berekningsgrunnlaget. Berekningsgrunnlaget er summen av alle ytingane den tilsette har fått av deg, fastsett etter bestemte verdsetjingsreglar, der somme lovbestemte frådrag eventuelt er trekte frå. Ytingar som du betaler til dei tilsette kan delast inn i tre kategoriar: kontantytingar, naturalytingar og utgiftsgodtgjersler. Utgangspunktet er at du må utføre forskotstrekk i alle skattepliktige ytingar du betaler til dei tilsette. Dette er likevel eit utgangspunkt med unnatak. Trekkplikta du har som arbeidsgivar samsvarer ikkje alltid med kva som er skattepliktig for dei tilsette. Det kan innebere at du må utføre forskotstrekk i ytingar som er skattefrie for den tilsette, eller motsett, at du ikkje skal utføre forskotstrekk i ytingar som er skattepliktige for den tilsette.

Kort oppsummert finn du berekningsgrunnlaget slik:

  1. du må summere alle kontantytingar
  2. du må rekne ut verdien av naturalytingar
  3. du må rekne ut verdien av utgiftsgodtgjersler
  4. du må summere ytingane og gjere eventuelle frådrag i berekningsgrunnlaget

Når berekningsgrunnlaget er klart, må du kontrollere at beløpa ikkje fell under minstegrensene for forskotstrekk, før du gjennomfører trekket i samsvar med skattekortet til den tilsette. 

Utgiftsgodtgjersler

Ei utgiftsgodtgjersle er ei yting som ein arbeidsgivar betaler ut, vanlegvis i pengar, til ein tilsett for å dekkje ein kostnad den tilsette har hatt i arbeidet sitt. Utgiftsgodtgjersler er dermed ikkje ein del av den ordinære lønna. Ei utgiftsgodtgjersle er til dømes at den tilsette har fått dekt kostnadene sine til spesialtilpassa briller den tilsette treng i jobben, at den tilsette har fått dekt kostnader ved eigen bruk av sykkel i yrket, kostnader til nødvendig vidareutdanning eller kostnader til kost og losji ved å bu utanfor heimen på grunn av arbeidet.

For utgiftsgodtgjersler skal ein som hovudregel utføre forskotstrekk sjølv om dei ikkje er skattepliktige. Det vil seie at heile summen skal takast med i berekningsgrunnlaget. Det finst likevel enkelte unnatak.

Ei utgiftsgodtgjersle er ikkje det same som ein utgiftsrefusjon. Ein utgiftsrefusjon er når ein tilsett har hatt ei utgift knytt til utføringa av arbeid og som arbeidsgivaren refunderer etter kvittering eller anna originalbilag. Ein skal ikkje utføre forskotstrekk i utgiftsrefusjonar.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.