Skal du ha utanlandske sesongarbeidarar i jobb hjå deg?

  • Skriv ut

Utanlandske arbeidstakarar må møte personleg på skattekontoret for å få skattekort.

Det finst likevel enkelte unntak frå kravet om personleg oppmøte.

Vi tilrår at de ber sesongarbeidarar laste ned og fylle ut skjemaet Søknad om skattekort for utanlandske arbeidstakarar på førehand. Har du mange arbeidstakarar, kan det vere lurt å fylle ut eitt skjema med informasjonen som er lik for alle, og kopiere dette opp.

Alle som skal jobbe i Noreg, må deretter ta med seg skjemaet og møte opp på eitt av skattekontoa som utfører for ID-kontroll.

Dokumentasjon som må visast fram

Kva for dokumentasjon ein må ta med på ID-kontroll, avheng av kvar sesongarbeidaren kjem frå.

Borgarar frå EU/EØS/EFTA-land som skal jobbe i mindre enn 3 månader

  • Pass eller nasjonalt ID-kort som viser bilete, statsborgarskap og kjønn
  • Arbeidskontrakt eller skriftleg arbeidstilbod

- som skal jobbe i meir enn 3 månader:

For desse ligg det føre registreringsplikt hjå politiet. Arbeidstakaren må søkje om registreringsbevis, og søknaden ligg elektronisk i sjølvbeteningsløysinga til UDI.  

For å få utlevert registreringsbeviset, må søkjaren møte personleg hjå lokalt politi eller på Servicesenteret for utanlandske arbeidstakarar (SUA). Ein må ha bestilt time hjå politiet på SUA for å få utlevert registreringsbeviset. Søkjaren bestiller time samtidig som ho eller han søkjer om registreringsbevis. 

For å få utlevert registreringsbeviset, må søkjaren ha med seg:

  • Pass eller nasjonalt ID-kort som viser bilete, statsborgarskap og kjønn
  • Arbeidskontrakt eller skriftleg arbeidstilbod

For å få skattekort på skattekontoret må søkjaren ha med seg:

  • Pass eller nasjonalt ID-kort som viser bilete, statsborgarskap og kjønn
  • Arbeidskontrakt eller skriftleg arbeidstilbod

Borgarar frå nordiske land

  • Pass, nasjonalt ID-kort (som viser bilete, statsborgarskap og kjønn), eller gyldig førarkort saman med utskrift frå folkeregisteret i heimlandet som viser statsborgarskap og kjønn. Utskrifta må vere datert (ikkje eldre enn 3 månader), samt underskriven og stempla.   
  • Arbeidskontrakt eller skriftleg arbeidstilbod

Borgarar frå land utanfor EU/EØS/EFTA

  • Pass som viser bilete, statsborgarskap og kjønn
  • Opphaldskort som viser at personen har opphaldsløyve med rett til å arbeide
  • Arbeidskontrakt eller skriftleg arbeidstilbod

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.