Arbeidstakar

Skattetrekksmelding

Alle arbeidstakarar med mellombels opphald i Noreg som er tilsette hjå ein utanlandsk arbeidsgivar og arbeidstakarar på norsk sokkel som er busette i utlandet, får skattetrekksmelding frå SFU. For å få dette må arbeidstakar som arbeider på land møte på ein ID-kontroll. Arbeidstakar som arbeider på norsk sokkel og er busett i utlandet er unnateken ID-kontroll.

For meir informasjon, sjå taxnorway.no

Skattemelding for formues- og inntektsskatt

Arbeidstakarar med mellombels opphald i Noreg og som er tilsette hjå utanlandsk arbeidsgivar skal, uavhengig av skatteplikt, levere skattemelding for formues- og inntektsskatt.

RF-1030 «Skattemelding» er førehandsutfylt og blir send til arbeidstakar i april året etter inntektsåret. Skattemelding med endringar må leverast innan 30. april. Det er viktig for utanlandske arbeidstakarar å fylle ut opplysningar om seg sjølve og opphaldet sitt i Noreg under post 1.5.5.

Arbeidstakarar som ikkje får ei førehandsutfylt skattemelding skal fylle ut og sende inn skjemaet RF-1281 «Skattemelding for person som ikkje har motteke førehandsutfylt skattemelding». Skjemaet lastar ein ned frå taxnorway.no, og det kan ikkje sendast elektronisk.

Melding om skatteoppgjer

Skatteoppgjeret er ei oversikt over beløpa som Skatteetaten har lagt til grunn ved berekning av skatt til Noreg. Melding om skatteoppgjeret blir send snarast råd og seinast innan 1. desember i fastsettingsåret. Skatteoppgjeret er tilgjengeleg på www.altinn.no 

Adresse

Hugs å melde adresseendringar til Skatteetaten slik at skattemelding og melding om skatteoppgjer blir send til rett adresse.

Elektronisk brukar

Bli elektronisk brukar og kommuniser med Skatteetaten elektronisk. For meir informasjon sjå skatteetaten.no – bli elektronisk brukar.