Skattebetaling

Den norske arrangøren skal trekkje skatt før honoraret o.a. blir utbetalt. Dersom det ikkje er nokon norsk arrangør, kan den som stiller plass til rådvelde for arrangementet, vere pliktig til å trekkje skatt. Dette gjeld berre når plassutleigaren har tilgang til inntektene frå arrangementet gjennom billettsal eller på annan måte. I andre tilfelle er artisten sjølv pliktig til å betale inn skatten. Ein skal føre opp inntektene og berekne skatt på ein eigen blankett for melding om trekk (RF-1092).

Ein skal trekkje og betale inn skatt ved kvar utbetaling. Artisten skal ha ein kopi av den oppgåva som skal sendast til skattestyresmaktene. Skatten skal betalast til Skatteoppkrevjar utland.

Dersom det er trekt og betalt inn for lite skatt, er artisten sjølv og den som er trekkpliktig, ansvarlege for det beløpet som manglar. Dersom  det er trekt og betalt inn for mykje skatt, har artisten krav på å få tilbakebetalt det som er innbetalt for mykje.

Skattegrunnlaget

Alt økonomisk vederlag ein tener på aktiviteten som artist, idrettsutøvar o.a. i Noreg, skal skattleggjast, uavhengig av om betalinga skjer før, under eller etter opphaldet i Noreg. Dette gjeld òg vederlag i form av naturalytingar, til dømes gjenstandspremiar.

Når det er artisten sjølv eller ein utanlandsk arrangør som står for arrangementet, og artisten sjølv skal betale skatten, skal ein fastsetje inntekta med utgangspunkt i billettinntektene eller i anna vederlag for framføringa.

Når det inngår ei naturalyting i skattegrunnlaget, og ein ikkje samtidig gir ei kontantyting som dekkjer skattebeløpet, må artisten sjølv betale inn eit så stort beløp til den som er pliktig til å betale skatten, at det dekkjer skattebetalinga.

Dekning av utgifter skal inngå i skattegrunnlaget, unnateke dekning av dokumenterte utgifter til transport, kost og losji i samband med arrangementet i Noreg. Dette gjeld òg dekning av slike utgifter for utanlandske medarbeidarar som deltek på reisa. Dekkjer artisten utgifter til transport, kost og losji sjølv, skal skattegrunnlaget reduserast med summen av dei dokumenterte utgiftene. Kan det ikkje dokumenterast kor mykje av utgiftene som knyter seg til arrangementet i Noreg, er frådraget avgrensa til 5 pst av bruttoinntektene som ein tener i Norge i samband med det aktuelle arrangementet. Skattegrunnlaget skal òg reduserast med agentprovisjon som artisten har betalt til den agenten som har etablert direkte kontakt med arrangøren av arrangementet o.a. i Noreg.

Det blir ikkje gitt frådrag for andre utgifter.

Kan artisten ikkje dokumentere kor store utgifter han/ho har til transport med eige transportmiddel og til kost for seg sjølv og eventuelle utanlandske medarbeidarar, men det blir sannsynleggjort at det har kome på slike utgifter, kan artisten få frådrag etter særskilde satsar. Satsane blir fastsette kvart år. For 2016 kan artisten få frådrag for utgifter til transport med eige transportmiddel med NOK 3,80 per kilometer for inntil 10 000 kilometer og med 3,45 per kilometer over 10 000 kilometer. Frådragssatsane for kostutgifter per døgn i 2016 er:

  • Ved opphald på hotell – NOK 710 / 568
  • Ved opphald på pensjonat – NOK 307
  • Ved opphald på hybel/brakke/leilegheit med kokemogelegheit NOK 200

Satsen på NOK 568 gjeld ved opphald på hotell når det i tillegg blir gitt frådrag for utgifter til losji inkludert frukost eller når losjiutgiftene blir refunderte etter rekning. Satsen på NOK 200 gjeld òg når artisten ikkje sannsynleggjer korleis han/ho har innretta seg i samband med arrangementet.

Krev artisten frådrag for utgifter til transport, kost og losji og/eller agentprovisjon, må utgiftene førast i oppgåva som ein sender til Skatteoppkrevjar utland, kommune 2312 sokkel/utland. Artisten må difor syte for at den som er pliktig til å betale skatten, får melding om desse utgiftene slik at det blir teke omsyn til frådraga i berekningsgrunnlaget for skatten. Alle bilag som dokumenterer dei faktiske utgiftene det blir kravd frådrag for, skal leggjast ved oppgåva ein sender til skattestyresmaktene.

Når artisten krev frådrag for sannsynleggjorte utgifter etter fastsette satsar, må ein på førespurnad kunne leggje fram ei fortløpande oppstilling over korleis artisten har innretta seg i samband med arrangementet i Noreg. Oppstillinga må innehalde opplysningar om dato for avreise og heimkomst, dato for når ein kjem til og reiser frå Noreg, reisemåte og reiseveg, i tillegg til namn og adresse på overnattingsstad(ene). Ein må òg opplyse om overnattingsstadene er hotell, pensjonat eller anna.