Arbeid utført i Noreg av utanlandsk arbeidskraft

  • Skriv ut

Som arbeidsgivar har du rapporteringsplikt om all bruk av utanlandsk arbeidskraft. Opplysningane skal rapporterast uavhengig av oppdragstakaren og arbeidstakaren si eventuelle skatteplikt til Noreg.

Alle arbeidsgivarar pliktar å rapportere inn opplysningar om arbeidstakarane sine, og gjennomføre forskotstrekk i lønnsutbetalingar og andre godtgjersler. Dette gjeld òg arbeidsgivarar som har utanlandske arbeidstakarar i Noreg eller på norsk kontinentalsokkel.

Forskotstrekk og arbeidsgivaravgift skal rapporterast i a-meldinga.

Korleis gir ein dei tilsette skattekort og norsk identitetsnummer (d-nummer/fødselsnummer)?  

Oppdrag ein gir til utanlandsk oppdragstakar må rapporterast 

Alle oppdrag og eventuelle underoppdrag som ein gir til utanlandsk oppdragstakar skal rapporterast til Sentralskattekontoret for utanlandssaker (SFU), dersom oppdraget blir utført

  • på ein stad for byggje- og monteringsverksemd i Noreg eller
  • på ein stad som står under oppdragsgivar sin kontroll i Noreg eller
  • på den norske kontinentalsokkelen.

Rapporteringsplikta gjeld både for næringsdrivande og for offentlege organ.

Opplysningane skal rapporterast uavhengig av oppdragstakar og arbeidstakar si eventuelle skatteplikt til Noreg.

Det er ikkje plikt til å gi opplysningar dersom oppdragsgivaren er ein privatperson eller oppdraget har ein verdi under NOK 10 000.

Du pliktar å rapportere inn opplysningar om dei utanlandske arbeidstakarane dine

Dersom det er plikt til å gi opplysningar om oppdraget, skal du òg gi opplysningar om arbeidstakarar på oppdraget.

Oppdragsgivar skal gi opplysningar om arbeidstakarar som er tilsette hjå utanlandsk oppdragstakar og som blir nytta til å utføre oppdraget.

Utanlandsk oppdragstakar skal gi opplysningar om eigne arbeidstakarar som blir nytta til å utføre oppdraget.

Kven har ansvaret for rapporteringa?

Når arbeidstakarar blir stilte til rådvelde for andre (arbeidsutleige), er både oppdragsgivar og oppdragstakar solidarisk ansvarlege for at pliktene og ansvaret etter skattebetalingslova blir oppfylte.

Sjølv om både oppdragsgivar og oppdragstakar har arbeidsgivarplikter og plikt til å gi opplysningar om arbeidstakarar på oppdraget, er det altså tilstrekkeleg at ein av dei rapporterer. Ein slik avtale fritek berre for pliktene når skatteoppkrevjaren har godteke avtalen.

Rapporteringsskjema og fristar

Ein skal rapportere opplysningar om oppdrag og arbeidstakarar på oppdraget på skjema RF-1199 Opplysningar om kontrakt, oppdragstakar og arbeidstakarar.

Opplysningane skal rapporterast snarast, og seinast 14 dagar etter at arbeidet er starta opp.

Dersom det skjer endringar etter at opplysningane er gitt, skal ein gi korrigerte opplysningar om dette seinast 14 dagar etter at endringa skjedde. Dette gjeld òg endringar knytte til personell som blir nytta på oppdraget.

Innsynsløysing

Opplysningar om oppdrag og arbeidstakarar på oppdraget som er rapporterte korrekt på skjema RF-1199 og handsama av SFU er no tilgjengelege i ei eiga innsynsløysing. I tillegg må partane på oppdraget ha organisasjonsnummer og arbeidstakarane fnr eller dnr. Hovudoppdragsgivar, oppdragsgivar og oppdragstakar kan sjå alle oppdrag og arbeidsforhold dei er part i. I løysinga kan ein søkje etter oppdrag. Ein kan sjå oppdragsdetaljar og alle arbeidsforhold knytte til oppdraget.

Kontraktsbeløp er tilgjengeleg berre for oppdragsgivar. Heile fnr/dnr til arbeidstakaren er tilgjengeleg berre for oppdragstakar.

For å få tilgang til løysinga, må ein logge på via minID, og personen som er pålogga må ha lesetilgang til skjema RF-1199 i Altinn for det organisasjonsnummeret som er registrert på oppdraget.

Kva skjer om du som arbeidsgivar ikkje rapporterer inn at du har nytta utanlandsk arbeidskraft?

Mangelfull rapportering kan føre til sanksjonar som gebyr eller tvangsmulkt og til at oppdragsgivar blir ansvarleg for å betale dei ubetalte skattane og avgiftene til oppdragstakaren.