Korleis vurderer ein skatteplikta til Noreg?

  • Skriv ut

Ein tilsett som i ein eller fleire periodar oppheld seg i Noreg i meir enn 183 dagar i ein tolvmånadersperiode, blir skattemessig busett i Noreg. Det same gjeld ein tilsett som i ein eller fleire periodar oppheld seg i Noreg i meir enn 270 dagar i ein trettiseksmånadersperiode. Den tilsette blir rekna som skattemessig busett, med verknad frå 1. januar, i det inntektsåret opphaldet i Noreg går over talet på dagar som er nemnt ovanfor. Dersom dagane (meir enn 183 dagar) i ein tolvmånadersperiode fell innanfor eit kalenderår, blir den tilsette rekna som busett frå den første dagen av opphaldet. Ein tilsett som er skattemessig busett er i utgangspunktet skattepliktig til Noreg av all inntekt og formue, uansett om arbeidet er utført i Noreg eller i utlandet.

Ein person som ikkje er skattemessig busett i Noreg, er skattepliktig til Noreg av lønn o.a. for arbeid utført i teneste i Noreg ved kortare opphald her. Dette gjeld òg lønn o.a. til personar som er utleigd arbeidskraft.

Skatteplikta kan vere avgrensa som følgje av skatteavtalar med andre land. Sjå oversikta over alle skatteavtalar mellom Noreg og andre statar.

Vurdering av skatteplikt finn du i Skatte-ABC under emnet utland – skattemessig bustad, og på Nordisk Etax.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.