Nordisk trekkavtale

  • Skriv ut

Den nordiske trekkavtalen er ein avtale mellom dei nordiske landa som gjeld innbetaling av forskotstrekk og overføring av innbetalt skatt. Avtalen gjeld for skatt på arbeidsinntekter, pensjons- og trygdeutbetalingar og overføring av selskapsskatt.

Føremålet med avtalen er først og fremst å ha klare linjer i forholdet mellom skattestyresmaktene i dei nordiske landa, slik at ein gjennomfører forskotstrekk berre i ein stat, anten i bustadsstaten eller arbeidsstaten. Høvet til å krevje at det blir gjennomført forskotstrekk har ein prøvd å leggje til den staten som mest sannsynleg vil kunne skattleggje inntekta etter skatteavtalen.

Dersom den tilsette under arbeidsopphald i Noreg framleis skal stå på forskotstrekk i heimlandet sitt, må arbeidsgivaren fylle ut skjemaet NT 1 (Nordisk Trekkavtale) – stadfesting på at det blir betalt forskotstrekk i bustadsstaten. Skjemaet skal underteiknast av arbeidsgivar og skattestyresmaktene i heimlandet til arbeidstakaren. Skattestyresmaktene i heimlandet sender skjemaet til den kompetente styresmakta i Noreg. Den kompetente styresmakta i Noreg må ha teke imot skjemaet når arbeidet startar for at arbeidsgivaren skal kunne få fritak for trekkansvar i Noreg.

Sentralskattekontoret for utanlandssaker er den kompetente styresmakta i Noreg og kan gi meir detaljert informasjon om trekkavtalen.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.