Særskilt om arbeidstakarar på nettolønnsavtale

  • Skriv ut

Med nettolønnsavtale meiner vi ein avtale om at arbeidsgivaren skal dekkje den skatten som fell på arbeidstakaren si avtalte lønn/godtgjersle. Nettolønnsavtalar førekjem ved grenseoverskridande arbeidsforhold.

Det er bruttolønn som dannar grunnlaget for å berekne skatten, trygdeavgifta og arbeidsgivaravgifta. Ein nettolønnsavtale fører difor til at nettolønna må reknast om til bruttolønn (oppgrossing) for å finne berekningsgrunnlaget for skatten o.a. 
For utanlandske arbeidstakarar i Noreg skal ein gjennomføre oppgrossinga etter norske skattesatsar og med den norske satsen for trygdeavgift (med mindre arbeidstakaren har trygdefritak).

For norske arbeidstakarar i utlandet gjeld det ulike metodar for oppgrossing, der metoden som skal nyttast i kvart einskild tilfelle blir fastsett ut ifrå korleis ein skattlegg nettolønna i Noreg.

Når skattytaren oppfyller vilkåra for nedsetjing av skatt etter den alternative fordelingsmetoden, anten etter eittårsregelen i skattelova § 2-1 tiande ledd eller etter skatteavtale, skal oppgrossinga skje ved at summen av nettolønn (inkl. naturalytingar) og skatten som arbeidsgivaren betaler for arbeidstakaren i arbeidslandet, grossast opp med den norske trygdeavgiftssatsen. Dette gjeld òg når skattytaren oppfyller vilkåra for unnatak med eller utan progresjonsatterhald.

Når ein veg opp for dobbelt skattlegging ved hjelp av kreditfrådrag for den betalte utanlandske skatten, skal nettolønna grossast opp med skatt berekna etter norske satsar og med den norske satsen for trygdeavgift. Dersom den endelege skatten som arbeidsgivar betaler for arbeidstakar i utlandet overstig den berekna norske skatten, skal den utanlandske meirskatten leggjast til som ein skattepliktig fordel. Bruttofordelen av den utanlandske meirskatten fastset ein ved å grosse opp meirskatten med den norske trygdeavgiftssatsen.

Skattekontora kan gi nærare opplysningar om korleis oppgrossinga skal gjerast. Sjå òg Skattedirektoratet si fråsegn av 20. desember 2016 og domskommentaren av 1. juli 2016 for nærare informasjon om oppgrossing av nettolønn.

Arbeidsgivar er ansvarleg for korrekt oppgrossing og rapportering av bruttolønn i a-meldinga. I rettleiinga til a-ordninga finn du opplysningar om korleis du skal rapportere skatt (mellom anna berekna norsk skatt og betalt utanlandsk skatt) og trygdeavgift i a-ordninga og elles om rapportering av nettolønn i a-ordninga.

Merk at ein nettolønnsavtale er ein privatrettsleg avtale og at han ikkje fritek arbeidstakaren for ansvaret for å levere skattemelding og betale fastsett skatt overfor skattestyresmaktene.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.