Skattekort for utanlandske arbeidstakarar i Noreg

  • Skriv ut

Dersom den tilsette ikkje skal vere medlem i norsk folketrygd eller dersom han/ho vil krevje standardfrådrag, verkar dette inn på skattekortet. Dersom skattekortet ikkje ligg føre skal ein trekkje 50 prosent av bruttolønna/godtgjerslene til den tilsette.

Dersom det er behov for å endre skattekortet, er det enklast for den tilsette å gjere dette elektronisk

Arbeidsgivarar kan søkje om skattekort på vegner av tilsette

Utanlandske arbeidstakarar utan D-nummer må alltid sjølve møte på skattekontoret for å få skattekort sjølv om arbeidsgivar har søkt. Frå kravet om personleg oppmøte gjeld det enkelte unnatak.

Utanlandske arbeidstakarar må leggje fram pass eller tilsvarande identitetsdokument slik at skattekontoret kan utføre ein identitetskontroll.

Søknad om fritak for forskotstrekk

Når det er forsvarleg grunn til å rekne med at inntekta ikkje skal skattleggjast i Noreg, kan ein søkje skattekontoret om ei erklæring om fritak for forskotstrekk.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.