Trygde- og arbeidsgivaravgift for utanlandsk arbeidstakar

  • Skriv ut

Du skal vanlegvis betale inn norsk trygdeavgift og arbeidsgivaravgift for utanlandske arbeidstakarar, med mindre det er dokumentert at arbeidstakaren ikkje er omfatta av norsk trygdelovgiving. 

Du kan berre unnlate å berekne og betale inn norsk trygdeavgift og arbeidsgivaravgift når det går fram av blankett A1 at ein namngjeven arbeidstakar er omfatta av trygdelovgivinga i eit anna EØS-land under arbeidsopphald i Noreg, eller at det ved melding frå Arbeids- og velferdsetaten (NAV) går fram at vedkomande arbeidstakar ikkje er omfatta norsk trygdelovgiving. Fritaket for å berekne og betale norsk trygdeavgift og arbeidsgivaravgift gjeld berre for det tidsrommet som er oppgitt på blanketten/meldinga.

Dersom du har tilsette som er omfatta av trygdelovgivinga i eit anna EØS-land, må du ta kontakt med myndigheitene i det andre landet for å få informasjon om kva for avgifter som skal betalast, og om dei praktiske rutinane for å bli registrert som arbeidsgivar og innbetaling av avgift. Ønskjer du meir informasjon om medlemskap i norsk folketrygd, kan du sjå NAV.

Vi viser elles til Skatte-ABC under emnet "Arbeidsgivaravgift – avgiftsplikt og grunnlag" punkt 4 "Utland".

Folketrygdlova, rådsforordningane og trygdeavtalane inneheld reglar om kva for land si trygdeordning ein arbeidstakar skal vere omfatta av. 

USA og Canada 
Arbeids- og sosialdepartementet fastset kvar år ein særskild sats for arbeidsgivaravgift for arbeidstakarar frå USA og Canada, som berre er medlem i folketrygda sin sjukestønadsdel medan dei arbeider i Noreg. For denne gruppa skal ein betale arbeidsgivaravgift etter ein særskild prosentsats. Sats for 2017 er 7 %.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.