Arbeidsgivar

Du blir rekna som arbeidsgivar når du betaler ein person lommepengar/lønn for å utføre ulike arbeidsoppgåver heime hos deg.

Fri kost og losji er ein skattepliktig fordel for au pairen på lik linje med lommepengar/lønn. Verdien av fri kost og losji skal difor leggjast til lønna ved oppgjeret. Ønskjer du informasjon om korleis du bereknar den skattepliktige fordelen, kan du sjå  satsane for kost og losji.

Sjølv om du i skattemessig samanheng er arbeidsgivar for au pairen, skal du ikkje betale arbeidsgivaravgift. Dette gjeld ved betaling for pass og stell av barn som i inntektsåret er under 12 år, og ved pass av eldre barn som har særleg behov for omsorg og pleie. Fritaket for arbeidsgivaravgift gjeld òg når du betaler for andre arbeidsoppgåver i heimen din som au pairen utfører i tillegg til barnepass. Kontakt skattekontoret dersom det er tvil om arbeidsforholdet kjem inn under desse reglane.

Dersom au pairen berre skal gjere husarbeid o.a. og ikkje passe barna dine, gjeld reglane om lønnsarbeid i heimen. Då betaler du arbeidsgivaravgift dersom du til saman har betalt over 60 000 kroner i lønn i løpet av året til au pairen og eventuelle andre for arbeid i heimen.

Les meir under Skatteregler ved barnepass for foreldre, dagmammaer og praktikantar / au pair, Au pair i Noreg og Lønnsarbeid i heimen.