Foreldrefrådrag (au pair som passar barn)

Du kan krevje frådrag i inntekta for dokumenterte utgifter til pass og stell av barn under 12 år som du bur saman med. Dersom du har ført opp au pairen si lønn som betaling for barnepass i a-meldinga til skattoppkrevjaren, blir beløpet overført til posten for foreldrefrådrag i skattemeldinga di. I rettleiinga til postane i skattemeldinga finn du meir om kven som har rett til foreldrefrådrag, og kva for beløpsgrenser som gjeld. Her  finn du beløpsgrenser for frådrag.

Du må betale au pairen via bank for å ha frådragsrett ved betaling som samla utgjer kr 10 000 eller meir i løpet av året. Fleire betalingar som gjeld same avtale om barnepass, blir rekna som éi betaling når ein skal vurdere beløpsgrensa, til dømes dersom det blir betalt kvar månad for fast barnepassordning.