Forenkla ordning

Som vertsfamilie/arbeidsgivar må du gjennomføre og betale inn au pairen sitt skattetrekk.

Forenkla a-melding

Kvar gong du betaler ut lønn til au pairen, fyller du ut den forenkla a-meldinga, A04 Melding om lønna arbeid i heimen. Du kan fylle ut og sende inn meldinga elektronisk i Altinn.no/A-ordningen. Då får du automatisk eit KID-nummer (kundeidentifikasjonsnummer) og kontonummer for innbetaling av skatten (forskotstrekk). Opplysningane blir sende til skatteoppkrevjaren i bustadkommunen din.

For å fylle ut den forenkla meldinga, må du logge deg inn med fødselsnummeret ditt. Les om innlogging og PIN-kodar.

Dersom lønna gjeld barnepass fyller du ut felta for dette i meldinga. Då sikrar du at beløpet blir handsama etter skattereglane som gjeld barnepass i barnet sin heim. Passar ikkje au pairen barna dine, fyller du ut feltet som gjeld lønn for anna arbeid.

Les meir om korleis du fyller ut den forenkla meldinga i brosjyrene Skatteregler ved barnepass for foreldre, dagmammaer og praktikantar / au pair og Lønnsarbeid i heimen.

Ver klar over at du ikkje kan nytte den forenkla ordninga dersom du har gitt au pairen pengegodtgjersle til å dekkje utgifter utanom lønna/lommepengane, eller gitt andre naturalytingar enn kost og losji. Då må du nytte den generelle a-meldinga.

Fødselsnummeret er "arbeidsgivarnummer"

I den forenkla ordninga er ditt eige fødselsnummer arbeidsgivarnummer. Fødselsnummeret skal brukast når du er i kontakt med skattestyresmaktene og NAV. Dersom du som næringsdrivande arbeidsgivar har fått tildelt eit organisasjonsnummer, må du ikkje bruke dette nummeret i den forenkla ordninga.

Forskotstrekk (skattetrekk)

Som vertsfamilie/arbeidsgivar pliktar du å berekne forskotstrekk og sende oppgjer for dette til skatteoppkrevjaren i bustadkommunen din. Dette gjer du samtidig som du betaler ut lønna.

Kor mykje skatt du skal trekkje går fram av skattekortet til au pairen. Det hentar du elektronisk når du nyttar den forenkla meldinga i altinn. Dersom au pairen ikkje har eit skattekort, må du trekkje 50 prosent skatt.

Hugs å ta med verdien av fri kost og losji når du reknar ut skattetrekk. For å finne den skattepliktige inntekta, må du multiplisere satsen for kost og losji med talet på dagar au pairen tek imot fri kost og losji. Dette kan du få hjelp til å berekne i den forenkla meldinga på altinn.

Du skal ikkje trekkje skatt i ei halv månadslønn før jul, anten i halv lønn for november eller i halv lønn for desember.

Feriepengar som du betaler ut året etter oppteningsåret, dvs. i ferieåret, skal du ikkje trekkje skatt i. Betaler du ut feriepengar i oppteningsåret, skal du trekkje skatt på vanleg måte. Når arbeidsforholdet opphøyrer, skal du betale ut feriepengane straks.

Du må levere den forenkla meldinga sjølv om du ikkje betaler ut anna lønn enn feriepengar dette året.

Meldinga er lønnsslipp og årsoppgåve

Du skal gi au pairen ei utskrift av den elektroniske meldinga eller ein kopi av meldinga på papir som lønnsslipp ved kvar utbetaling. Summen av alle meldingar/lønnsslippar erstattar ei årleg samanstilling av det som er tent opp i løpet av året. Au pairen må derfor ta vare på meldinga/meldingane for å kunne kontrollere skattemeldinga (sjølvmeldinga) si.