ID-kontroll

Alle som skal arbeide i Noreg må gjennomgå ID-kontroll i samband med flytting og søknad om norsk skattekort. Au pairen må først møte personleg hjå politiet for å få registrert/effektuert opphaldsløyvet sitt og deretter gå til skattekontoret for å melde flytting til Noreg og søkje om skattekort. Du finn meir informasjon i brosjyren Au pair i Noreg.