Innleiing

Sjølv om føremålet med au pair-ordninga er kulturutveksling og språkutvikling for unge menneske, må ein au pair betale skatt til Noreg for lønn/lommepengar, verdien av fri kost og losji og andre ytingar frå vertsfamilien.

Grunnlaget for dette er at au pairen utfører arbeidsoppgåver som barnepass og lett husarbeid for vertsfamilien. Norskkurs som er avtalt i au pair-kontrakten er ikkje ei skattepliktig yting.