Skattekort

Som vertsfamilie/arbeidsgivar, må du hente skattekortet til au pairen elektronisk. Det gjer du via denne tenesta.

Skattetrekket på skattekortet er fastsett på grunnlag av opplysningar om kor mykje au pairen reknar med å tene og kor lenge au pairen skal opphalde seg i Noreg i inntektsåret. Feriepengar er også skattepliktig inntekt. Ein skal fastsetje skattetrekk som for arbeidstakarar som får månadslønn. Grunnlaget for skattekortet er at feriepengar som du utbetaler i året etter at feriepengane er opptente (ferieåret), er trekkfrie og at ein gjennomfører skattetrekk i resten av månadene i året. Skatteoppkrevjaren kan gi meir informasjon om trekkreglane. Arbeidstilsynet kan gi meir informasjon om reglane for ferie og feriepengar.