Bransjar og grupper med særreglar

  • Skriv ut

Artistar og sportsutøvarar

Det er i utgangspunktet ikkje lønnsopplysningsplikt for lønn, honorar og anna godtgjersle til utanlandske artistar som er skattepliktige etter lov om skatt på honorar til utanlandske artistar (artistskattelova). Ein skal heller ikkje betale arbeidsgivaravgift av slike utbetalingar.

Artistar som kjem inn under artistskattelova, blir handsama ved Sentralskattekontoret for utanlandssaker. Dersom artisten blir skattepliktig som busett i Noreg, blir han skattepliktig etter skattelova, og ikkje etter artistskattelova, frå og med inntektsåret før det inntektsår han blir skattepliktig som busett. Den som er arbeidsgivar på det tidspunktet artisten blir skattepliktig som busett, har plikt til å gi opplysningar om lønn m.m. som er utbetalt til artisten i det føregåande året. A-meldinga har ei rettleiing for rapportering.

Les brosjyre om utanlandske artistar i Noreg. Brosjyren informerer om skattlegging av utanlandske artistar (artistskattelova).

Flypersonell

Flygande personell skal vere trygda i det landet dei har heimebasen sin, det vil seie der dei startar og avsluttar arbeidsperiodane sine. Føresegna gjeld for personar som er tilsette etter 2. februar 2013 (jamfør forordning 465/2012). For personar som er tilsette før denne datoen gjeld tidlegare reglar om medlemskap der selskapet høyrer heime. I samsvar med overgangsreglane frå gammal til ny føresegn, kan ein behalde medlemskapen ein hadde i inntil 10 år så lenge arbeidsforholdet er det same.

Nordisk eTax har meir informasjon om du bur i Noreg og er tilsett som flypersonell i eit anna nordisk land eller om du bur i eit anna nordisk land og er tilsett som flypersonell i Noreg.

Om rapportering i a-meldinga.

Meir informasjon om emnet finn du i Skatte-ABC.

Sjøfolk

Sjøfolk som er skattemessig busette i utlandet og som er i teneste på norske skip, dvs. skip registrerte i Norsk Internasjonalt Skipsregister (NIS) eller Norsk Ordinært Skipsregister (NOR), og som er skattepliktige til Noreg, blir handsama ved Sentralskattekontoret for utanlandssaker. Sentralskattekontoret for utanlandssaker fastset òg pensjonsgivande inntekt og trygdeavgift for sjøfolk busette i utlandet som berre er trygdepliktige til Noreg.

Lønnsopplysningsplikt

For norske arbeidsgivarar som har betalt ut lønn eller gitt andre ytingar til personar som er busette i utlandet, for arbeid utført i utlandet, er rapporteringsplikta til Noreg avgrensa. I slike tilfelle skal ein berre rapportere desse ytingane:

  • Utbetaling av lønn og anna godtgjersle for arbeid om bord på skip registrerte i Norsk Ordinært Skipsregister (NOR).
  • Utbetaling av lønn eller anna godtgjersle for arbeid om bord på utanlandsk registrert skip som er innleigd av eit norsk reiarlag på bareboat-basis når mottakaren er busett i eit anna nordisk land.
  • Utbetaling av lønn eller anna godtgjersle for arbeid om bord på skip registrerte i Norsk Internasjonalt Skipsregister (NIR) når mottakaren er:
  1. norsk statsborgar,
  2. busett i eit anna nordisk land, eller
  3. statsborgar i ein EØS-stat.

(Ein treng likevel ikkje gi opplysningar om lønnsutbetalingar til personar som er busette utanfor Norden som er tilsette i hotell- og restaurantverksemd om bord på turistskip registrerte i Norsk Internasjonalt Skipsregister (NIS).

Arbeidsgivaravgift

Arbeidsgivaravgift for utbetaling av hyre til sjøfolk følgjer i utgangspunktet dei ordinære reglane for å berekne arbeidsgivaravgift. Det er såleis i utgangspunktet registreringskommunen til verksemda som er avgjerande, jf. avgiftsvedtaket § 1 andre ledd.

Det gjeld eigne reglar for sjøfolk som er tilsette på norsk skip i utanriksfart som er registrert i det ordinære norske skipsregisteret. Ordninga gjeld berre for sjøfolk som er medlem i trygda etter folketrygdlova § 2-6. For desse skal arbeidsgivaren betale avgift med eit fast beløp per månad utan omsyn til talet på arbeidsdagar i månaden. Ein avgrensar òg mot sjøfolk som bur i Norden eller som er statsborgarar i EØS-land.

Styrehonorar frå utanlandsk selskap

Ein person som er busett i Noreg er skattepliktig for styrehonorar frå utanlandsk selskap etter norsk intern rett. Personar som er skattemessig busette i utlandet er skattepliktige til Noreg for styrehonorar frå selskap som høyrer heime i Noreg. Dette gjeld sjølv om styremøta blir haldne i utlandet. Dei fleste skatteavtaler har ei føresegn om at styregodtgjersle og andre liknande vederlag som ein person busett i ein stat får som medlem av styret eller eit liknande organ i eit selskap som høyrer heime i ein annan stat, kan skattleggjast i den staten der selskapet er høyrer heime. Slike styrehonorar er i utgangspunktet underlagde både rapporteringsplikt og trekkplikt.

Du kan late vere å berekne arbeidsgivaravgift av styrehonorar for styrearbeid utført i utlandet når styremedlemmen er utanlandsk statsborgar som ikkje er trygda i Noreg, eller når det ligg føre dokumentasjon som stadfester at arbeidstakaren ikkje er trygda i Noreg. Dette gjeld til dømes når det går fram av blankett A1 at ein namngjeven arbeidstakar er omfatta av trygdelovgivinga i eit anna EØS-land, eller at det ved melding frå Arbeids- og velferdsetaten går fram at vedkomande arbeidstakar ikkje er omfatta av norsk trygdelovgiving.

Utanlandske diplomatar

Utanlandske diplomatar og nærare oppgitte utanlandske tenestemenn med familiar knytte til utanriksrepresentasjon er fritekne for alminneleg skatteplikt som busette i Noreg, sjølv om dei etter dei vanlege reglane skulle vore rekna som busette her og difor skattepliktige hit.

Svalbard

Sjå Svalbardsidene dersom du vil vite meir om utanlandsk arbeidskraft.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.