Grensegjengarar

  • Skriv ut

Ein grensegjengar er ein person som er skattepliktig som busett i ein kommune som direkte grensar til riksgrensa mellom Noreg og Sverige eller riksgrensa mellom Noreg og Finland og som opptener lønn eller anna liknande godtgjersle for personleg arbeid utført i ein kommune som grensar direkte til den same riksgrensa i det andre landet. 

Grensegjengarar

Grensegjengarar skattemessig busette i Noreg?

Ein grensegjengar er ein person som er skattepliktig som busett i ein kommune som direkte grensar til riksgrensa mellom Noreg og Sverige eller riksgrensa mellom Noreg og Finland og som opptener lønn eller anna liknande godtgjersle for personleg arbeid utført i ein kommune som grensar direkte til den same riksgrensa i det andre landet. Eit vilkår er at personen regelmessig oppheld seg i den faste bustaden sin.

Ein person kjem ikkje inn under føresegnene om grensegjengarar dersom bustadkommune og arbeidskommune ikkje grensar direkte mot den same riksgrensa. Dette gjeld til dømes når vedkomande bur i ein kommune i Noreg som grensar direkte mot riksgrensa med Finland og arbeider i ein kommune i Sverige som grensar direkte mot riksgrensa med Noreg.

Det er derimot ikkje noko vilkår at bustadkommunen til vedkomande grensar direkte til arbeidskommunen i det andre landet. 

Du finn meir informasjon om dette i Skatte-ABC.

Grensegjengarar som er skattemessig busette i Noreg skal skattleggjast i Noreg for lønn og liknande godtgjersler utførte i grensekommunane i Sverige og Finland. Dette gjeld arbeid for både offentlege og private arbeidsgivarar.

Etter Rådsforordning (EF) nr. 883/2004 er grensegjengarar som utgangspunkt omfatta av trygdeordninga i arbeidslandet. Denne rådsforordninga gjeld frå og med 1. juni 2012.

Inntekt som grensegjengarar skattemessig busette i Noreg har i grensekommune i Sverige eller Finland, blir vanlegvis ikkje rekna som pensjonsgivande i Noreg. Ein skal ikkje fastsetje pensjonsgivande inntekt ved fastsettinga eller betale trygdeavgift til Noreg av slik inntekt dersom grensegjengaren berre arbeider i Sverige eller Finland.

For personar som er arbeidstakarar i meir enn eitt land er det eit vilkår at ein vesentleg del (minimum 25 %) av arbeidet skal utførast i bustadlandet for at medlemskapen i folketrygda i bustadlandet skal haldast ved lag.

Er ein i tvil om medlemskapen i folketrygda, må ein kontakte NAV.

For grensegjengarar som er skattemessig busette i Noreg og arbeider i ein grensekommune i Sverige eller Finland, må det skrivast ut forskotsskatt. Trygdeavgift skal ikkje takast med i forskotsskatten.

Grensegjengarar skattemessig busette i Sverige eller Finland?

Grensegjengarar som er skattemessig busette i Finland eller Sverige, skal ikkje påleggjast inntektsskatt i Noreg for lønn og liknande godtgjersle for personleg arbeid utført i grensekommune i Noreg. Inntekta skal berre skattleggjast i bustadlandet. Dette gjeld arbeid for både offentlege og private arbeidsgivarar.

Dersom ein grensegjengar tek imot ytingar frå Arbeids- og velferdsetaten (NAV) er desse skattepliktige til Noreg når skattytaren er skattepliktig som busett etter intern rett.

Etter Rådsforordning (EF) nr. 883/2004 er grensegjengarar som utgangspunkt omfatta av trygdeordninga i arbeidslandet. Grensegjengarar busette i Sverige og Finland skal vanlegvis betale trygdeavgift i Noreg av inntekt som grensegjengar. Det er Skatteetaten som fastset og krev inn trygdeavgifta. Elles gjeld dei same reglane som for grensegjengarar som er skattemessig busette i Noreg.

Skattekontoret skal skrive ut forskot for grensegjengarar busette i Sverige og Finland som svarar til trygdeavgift. Vanlegvis skal det skrivast ut eit skattekort på 10 %. 

Når ein grensegjengar tek imot ytingar frå Arbeids- og velferdsetaten (NAV) som er skattepliktige til Noreg fordi skattytaren er skattepliktig som busett etter intern rett, må grensegjengaren ta kontakt med skattekontoret for å få vurdert om skattekortet skal endrast. 

Dersom grensegjengaren legg fram dokumentasjon på at han ikkje er medlem av folketrygda i Noreg samtidig som han får ei førehandsfråsegn på fritak for skatt for lønnsinntekta, blir det ikkje skrive ut skattekort. Denne førehandsfråsegna skal sendast til arbeidsgivaren med kopi til grensegjengaren. 

Arbeidsgivarar som er heimehøyrande i Noreg skal gjennomføre forskotstrekk i lønn som blir utbetalt til grensegjengarar busette i grensekommunane i Sverige eller Finland for personleg arbeid utført i norsk grensekommune, når arbeidstakaren er trygda i Noreg. Ein norsk arbeidsgivar pliktar òg å rapportere lønn som blir utbetalt til grensegjengar busett i Sverige eller Finland. 

Norske arbeidsgivarar har vidare plikt til å betale arbeidsgivaravgift også for lønnsutbetalingar til grensegjengarar som er busette i Sverige og Finland. 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.