Skatteplikt for innleigde utanlandske arbeidstakarar

  • Skriv ut

Utanlandske arbeidstakarar som er leigde inn for å utføre arbeid i Noreg er som hovudregel skattepliktige hit frå første arbeidsdag. Dette gjeld uavhengig av kor lenge arbeidsforholdet varer, kva for land arbeidstakaren kjem frå og om det er ein utanlandsk eller norsk utleigar.

Dette følgjer både av skattelova og av dei skatteavtalane Noreg har inngått med andre land.

Det er skattestyresmaktene som avgjer om ein arbeidstakar skal reknast som leigd ut til oppdragsgivar (innleigar) eller utfører arbeidet for den ordinære arbeidsgivaren sin (utleigar). Desse momenta taler for at det er utleige av arbeidskraft:

  • oppdragsgivaren står for leiinga av arbeidet
  • oppdragsgivaren har ansvar for eller ber risikoen for arbeidsresultatet
  • oppdragsgivaren disponerer og har ansvaret for arbeidsplassen der arbeidet blir utført
  • det er fastsett ein timepris eller timeavhengig pris
  • oppdragsgivaren sine materialar og verktøy blir nytta under oppdraget
  • utleigaren ikkje einsidig bestemmer talet på arbeidstakarar og kvalifikasjonane deira

Merk: Den utanlandske arbeidsgivaren (utleigaren) har ansvar for å oppfylle alle forpliktingar overfor norske skattestyresmakter, som å rapportere inn eigne tilsette, betale arbeidsgivaravgift og skattetrekk for dei innleigde arbeidstakarane.

Ved arbeidsinnleige er òg den norske oppdragsgivaren (innleigaren) ansvarleg for å betale eventuelle ubetalte skattar og avgifter for dei innleigde arbeidstakarane.

Arbeidstakarane må årleg levere skattemelding for formues- og inntektsskatt med opplysningar om inntekt/godtgjersler dei har tent i Noreg.

Ved spørsmål, ta kontakt med Sentralskattekontoret for utanlandssaker på e-post: SFU@skatteetaten.no

For meir informasjon:
www.taxnorway.no

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.