Avgifter ved kjøp av varer frå utlandet

  • Skriv ut

Når du importerer varer, skal du betale toll og avgifter. Korleis du skal betale er avhengig av om du er ei verksemd som er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret og om du er registrert for særavgifter eller ikkje.

Privatperson?

Som privatperson betaler du alle avgiftene til den som fraktar vara for deg eller til Tolletaten

Meirverdiavgift

I dei aller fleste tilfelle skal du betale meirverdiavgift når du importerer varer til Noreg.

Særavgifter

Ei særavgift er ein skatt som blir lagd på import, produksjon eller omsetning av somme varer. Særavgiftene skal betalast av produsent eller importør.

  • Dersom du ikkje er registrert for den aktuelle særavgifta betaler du alle avgiftene til den som fraktar vara for deg eller til Tolletaten
  • Dersom du er registrert for den aktuelle særavgifta betaler du til Skatteetaten og rapporterer via skattemelding for særavgifter.

Desse varene må du betale særavgift på når du importerer:

Tollkreditt og dagsoppgjer

  • Tollkreditt er ein kreditt som blir gitt til verksemder som importerer varer frå utlandet. Med tollkreditt får du utsett betalingsfristen, og betaler toll og særavgifter samla kvar månad.
  • Dagsoppgjer er ei oppgjersordning der tolldeklarasjonar som er leverte i løpet av ein dag, blir betalt samla den påfølgjande yrkedagen etter fortollinga. Dagsoppgjer kan berre nyttast av speditørar som fortollar varer på vegner av andre.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.