Berekne meirverdiavgift ved import

  • Skriv ut

Finn tollverdien

Tollverdien er det du har betalt eller skal betale for vara i utlandet inkludert transportkostnadene til Noreg, forsikring, kostnader til emballasje og liknande.

Korleis finn eg tollverdien?

Tollverdien er ofte lik den statistiske verdien som står i rubrikk 46 på tolldeklarasjonen.

 

Oversikta over tolldeklarasjonar inneheld statistisk verdi og avgifter (toll og særavgifter) for kvar tolldeklarasjon. Ho skal ikkje erstatte leverandør- og speditørfaktura eller tolldeklarasjon som informasjonskjelde til sjølve berekninga.

Tolldeklarasjonsoversikta i Altinn viser til dømes ikkje fordelinga av statistisk verdi og avgifter per avgiftssats i dei tilfella der tolldeklarasjonen inneheld varelinjer med ulike avgiftssatsar. 

For å vere sikker på at tollverdien blir rett, må du setje deg godt inn i regelverket. Det finst somme unnatak frå hovudregelen om at mva-grunnlaget = statistisk verdi + toll og andre avgifter. Dette gjeld til dømes innførsel frå Svalbard, innførsel av kunstverk, tanntekniske arbeid eller gjeninnførsel. I tolldeklarasjonen har desse eigne prosedyrekodar i rubrikk 37. Det er òg andre reglar som verkar inn på tollverdien.

Du kan lese meir om tollverdi hjå Tolletaten.

Kva er statistisk verdi?

Med statistisk verdi meiner vi ein samla verdi på innførselen som Statistisk sentralbyrå har bestemt skal stå på tolldeklarasjonen. Denne verdien er summen av fleire verdiar i innførselen.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.