Berekne meirverdiavgift ved import

  • Skriv ut

Rekn ut mva-grunnlag

Ta tollverdien du fann på den førre sida og legg til toll og andre avgifter.

Du finn toll og andre avgifter i rubrikk 47 i tolldeklarasjonen.

Andre avgifter kan vere:

  • Særavgift, dersom denne er oppgitt i tolldeklarasjonen
  • Forskingsavgift

Du skal leggje saman alle avgiftene som står i rubrikk 47. Denne summen skal du leggje saman med tollverdi for å få mva-grunnlaget.

 

Finn toll og andre avgifter

Døme

Sum

Toll

1 000 kr

Særavgifter

500 kr

Forskingsavgift

200 kr

Summen du skal leggje til tollverdien 

1 700 kr

 

 

Legg saman tollverdien, toll og andre avgifter

 

Døme

Sum

 

Tollverdi

3 000 kr

+

Toll og andre avgifter

1 700 kr

=

Mva-grunnlag

4 700 kr

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.