Bokføre meirverdiavgift ved import

  • Skriv ut

Innførselsmeirverdiavgift må bokførast minst kvar termin, men dei fleste vil finne det naturleg å bokføre per tolldeklarasjon, eller etter å ha kontrollert deklarasjonsoversikta kvar månad.

Slik bokfører du

Du skal bokføre mva-grunnlaget som du rekna ut i rekneskapen, slik at du kan rapportere dette i mva-meldinga.

Du kan bokføre dette på ein eigen konto med motkonto, slik at det går i null i rekneskapen. Du kan òg føre mva-grunnlaget til debet og kredit på ein resultatkonto med mva-kode.

Du skal bokføre innførselsmva i balansen. Du treng eigne balansekonti for denne, sidan innførselsmva skal spesifiserast i eigne postar i mva-meldinga.

Du kan bokføre anten løpande eller samla per månad. Du skal dokumentere utrekninga av grunnlaget og avgifta per mva-sats per tolldeklarasjon.

For å vite kva for konto du skal føre det på, må du vite

Kor ofte skal innførselsmeirverdiavgift bokførast?

Innførselsmeirverdiavgift må bokførast minst kvar termin, men dei fleste vil finne det naturleg å bokføre per tolldeklarasjon, eller etter å ha kontrollert deklarasjonsoversikta kvar månad.

Du skal bokføre i den terminen ekspedisjonsdatoen på tolldeklarasjonen høyrer til. Døme: Har tolldeklarasjonen ekspedisjonsdato 30. april, skal du bokføre i april og rapportere i mva-meldinga for 2. termin.

Rekneskap

Har du eit rekneskapssystem, må det vere oppdatert med nye mva-kodar og konti.

Har du ikkje rekneskapssystem, opprettar du sjølv dei nødvendige kontoane i rekneskapen din. Ta utgangspunkt i mva-meldinga for å sjå korleis du skal spesifisere mva-grunnlaget og avgifta.

Inngåande innførselsmeirverdiavgift (mva til frådrag)

Grunnlaget for frådragsgivande inngåande avgift omfattar innanlands inngåande meirverdiavgift og innførselsmeirverdiavgift. For innførselsmeirverdiavgift der du har frådragsrett er det den bokførte kostnaden som skal visast i spesifikasjonen.

Dette må du dokumentere:

  • Tolldeklarasjonen med underbilag. Dette er hovuddelen av dokumentasjonen. For varer der ein ikkje skal rekne ut meirverdiavgift, er tolldeklarasjonen med underbilag tilstrekkeleg dokumentasjon.
  • Grunnlaget for å rekne ut meirverdiavgift, og meirverdiavgifta. Du må dokumentere det berekna grunnlaget for meirverdiavgift ved innførsel av varer, og utrekna meirverdiavgift. Dokumentasjonen skal vise grunnlag og avgift per avgiftssats for kvar tolldeklarasjon.

Det er ikkje eit krav at inngåande varefaktura refererer til bilag for innførselsmeirverdiavgift i rekneskapen. Det er heller ikkje eit krav at inngåande varefaktura refererer til tolldeklarasjonen, men du må kunne dokumentere dette.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.