Endre mva-melding i samband med import

  • Skriv ut

Dersom du oppdagar feil opplysningar i mva-meldinga, skal du sende endringsmelding til Skatteetaten.

Fristar for endring

Du kan gjere endringar innan 3 år etter den opphavlege innleveringsfristen for mva-meldinga. Dette gjeld når endringa er til fordel (gunst) for verksemda. Når endringa ikkje er til fordel for verksemda, er det di plikt å korrigere. Denne plikta gjeld i 10 år.

Feil i tolldeklarasjonen

Dersom du oppdagar feil opplysningar i tolldeklarasjonen, skal du sende ein søknad om ny utrekning til Tolletaten. Endringar i tolldeklarasjonen kan ofte føre til endringar i meirverdiavgifta. I så fall må du òg sende endringsmelding (mva-melding) for den terminen då den opphavlege tolldeklarasjonen var datert.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.