Fritak for meirverdiavgift i samband med import

  • Skriv ut

Hovudregelen er at du skal betale meirverdiavgift når du importerer varer. I somme tilfelle kan du få fritak.

Fritak ved mellombels import

Dersom du importerer ei vare mellombels, skal du rapportere dette i mva-meldinga.

Dersom innførselen går under reglane i tollova kapittel 6 om tollfritak, fører du utrekningsgrunnlaget for meirverdiavgift i "Post 11. Innførsel av varer som det ikkje skal reknast ut meirverdiavgift av".

Dersom du ikkje gjenutfører vara innan fristen, som regel 12 månader, må du korrigere mva-meldinga med den opphavlege innførselen. Då skal du flytte utrekningsgrunnlaget til feltet for rett mva-sats. Fristen for å korrigere er terminforfallet for den terminen du er inne i når du korrigerer.

Les meir om mellombels import hjå Tolletaten

Enklare for deg

Tidlegare måtte mva-registrerte stille sikring for meirverdiavgift ved å reservere det deponerte beløpet på tollkreditt ved mellombels innførsel. Det treng du ikkje lenger. Det er berre nødvendig å stille sikring dersom ein i tillegg skal rekne ut toll og/eller særavgift.

Døme på andre fritak

Hjå Tolletaten finn du ei oversikt over varer som er heilt eller delvis fritekne for meirverdiavgift. Ver merksam på at du må oppfylle visse vilkår for å få fritak for meirverdiavgift ved import.

  • Elektriske køyretøy
  • Fartøy (skip)
  • Frimerke, setlar og myntar
  • Kunstverk
  • Luftfartøy
  • Varer av utdannande, vitskapleg og kulturell art
  • Varer frå særlege område og varer som du gjeninnfører
  • Varer til bruk i transportmiddel
  • Varer til framande makter sine representasjonar og internasjonale organisasjonar
  • Varer til teknisk og vitskapleg bruk
  • Vareprøver
  • Øydelagt vare

Les meir om fritaka hjå Tolletaten

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.