Rapportere meirverdiavgift i samband med import

  • Skriv ut

Du skal rapportere via mva-meldinga, slik du gjer for anna meirverdiavgift.

Mva-meldinga har tre heilt nye postar som gjeld innførselsmeirverdiavgift (mva på import):

  • post 9 Innførsel av varer, og utrekna avgift 25 %
  • post 10 Innførsel av varer, og utrekna avgift 15 %
  • post 11 Innførsel av varer som det ikkje skal reknast ut meirverdiavgift av

I post 11 fører du berre grunnlaget for meirverdiavgift, men du skal ikkje rekne ut avgift av det.

Endre

Dersom du oppdagar feil opplysningar i mva-meldinga, skal du sende ei endringsmelding til Skatteetaten.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.