Vegbruksavgift på drivstoff

  • Skriv ut

Det er avgift på bensin, umerkt mineralolje, bioetanol, biodiesel, naturgass og LPG som blir innført til Noreg eller produsert i Noreg.

Informasjon om mineralolje som ikkje er til bruk for køyretøy finn du i avgifter på mineralske produkt.

Avgiftssats for 2017

Bensin  
Svovelfri bensin (under 10 ppm svovel) 5,19 kr per liter
Lågsvovla bensin (under 50 ppm svovel) 5,23 kr per liter
Annan bensin 5,23 kr per liter
Bioetanol som omfattes av omsettingskravet 5,19 kr per liter
   
Diesel (olje til framdrift av motorvogn)  
Svovelfri mineralolje (under 10 ppm svovel) 3,80 kr per liter
Lågsvovla mineralolje (under 50 ppm svovel) 3,86 kr per liter
Annan mineralolje 3,86 kr per liter
   
Biodiesel som omfattes av omsettingskravet    3,80 per liter
   
Naturgass 0,00 kr per Sm3
LPG 1,43 kr per kg

Avgifta kjem i tillegg til CO2-avgift og svovelavgift på mineralske produkt.

Vegbruksavgift på naturgass

1. januar 2016 blei det innført vegbruksavgift på naturgass. Avgiftssatsen blei sett til 5,95 kroner per Sm3 naturgass. Frå 1. juli 2016 er avgiftssatsen endra til 0 kroner per Sm3, med verknad frå 1. januar 2016.

Vegbruksavgift på LPG

Frå 1. juli 2016 blei det innført vegbruksavgift på LPG som blir levert til autogassanlegg eller andre fyllestasjonar/fylleanlegg, og som skal nyttast til framdrift av motorvogn. Avgiftssatsen er sett til 0,69 kroner per kg.

Fritak frå vegbruksavgifta

Det er fritak for vegbruksavgift for:

  • avgiftsfri diesel til bruk i traktorar, såframt at oljen er merkt (tilsett farge- og sporstoff)
  • bensin som skal brukast i arbeidsreiskapar med totaktsmotor, til dømes motorsag

Bruker du båt eller snøskuter i veglause strok, kan du få kompensasjon for avgift på bensin.


Dersom du ved ein feil fyller avgiftsfri diesel (merkt diesel), må du melde frå til Skatteetaten.

Registrer verksemda

Har du ei verksemd som importerer drivstoff, kan du velje å registrere deg som avgiftspliktig. Dersom du er registrert, betaler du avgifta når du tek varer ut frå lokala til verksemda. Dette lokalet må vere godkjent. Om varene ikkje blir lagde inn i eit godkjent lokale, må du betale avgifta ved import. Dersom du importerer drivstoff og ikkje er registrert som avgiftspliktig, må du betale avgifta ved import.

Dei som produserer drivstoff må registrere seg som avgiftspliktig verksemd.

Registrer verksemda som avgiftspliktig

Rapportere avgifter

Avgifta skal rapporterast digitalt. Innlogginga skjer via Altinn. Alle verksemder som er registrerte som avgiftspliktige, kan bruke løysinga.
Rapportere avgifter

Registrere verksemd som avgiftspliktig


 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.