Dokumentavgifta

  • Skriv ut

Dokumentavgifta er ei avgift som skal betalast når ein tinglyser eigarskifte av ei rekkje bustadtypar.

Avgiftssats

Dokumentavgifta er på 2,5 prosent av salsverdien til eigedomen ved tinglysinga.

Fritak frå dokumentavgifta

Det er enkelte fritak frå avgiftsplikta. Til dømes er det fritak for:

    • overføring av heimel til fast eigedom mellom ektefellar
    • overføring av fast eigedom til ektefelle ved skifte av felleseige ved separasjon eller skilsmisse
    • overføring av felles bustad mellom sambuarar ved samlivsbrot
    • arv i samsvar med reglane i arvelova

Statens kartverk krev inn dokumentavgifta

Det er Statens kartverk som krev inn dokumentavgifta. Les meir om dokumentavgifta hjå Statens kartverk

    • Statens kartverk handsamar spørsmål om dokumentavgift i første instans, og vedtek alle saker som gjeld avgiftsplikt og avgiftsgrunnlag
    • du kan klage til Skattedirektoratet på vedtak gjort av Statens kartverk
    • det er Skattekontoret som i første instans handsamar søknader om dispensasjon frå avgiftsplikta. Du kan klage på desse vedtaka til Skattedirektoratet.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.