Elektrisk kraft

  • Skriv ut

Det er avgift på all elektrisk kraft som blir levert i Noreg, også kraft som blir levert utan vederlag og kraft som nettselskapet eller produsenten tek ut til eige bruk.

Avgiftssatsar for 2017

Satsen omfattar mellom anna kraft til hushald, næringsverksemd utanom industrien og administrasjonsbygg i industrien. Avgifta skal reknast ut per kWh.

Avgift 16,32 øre per kWh
Redusert avgift 0,48 øre per kWh

Det er redusert avgift for elektrisk kraft som leveres:

  • til industri- og bergverksproduksjo
  • til produksjon av fjernvarm
  • all næringsverksemd i Finnmark og einskilde kommunar i Nord-Troms
  • datasentre med uttak over 0,5 MW
  • til skip i næring

Fritak frå avgifta på elektrisk kraft

Det er fritak på kraft levert til:

    • visse kraftintensive prosessar
    • veksthusnæringa
    • framdrift av transportmiddel som går på skjener
    • hushald og offentleg forvalting i Finnmark og Nord-Troms

Registrer verksemda

Verksemder som transporterer elektrisk kraft til forbrukarar eller som produserer elektrisk kraft, må registrere seg som avgiftspliktig verksemd.

Mikrokraftverk og energiattvinningsanlegg som leverer kraft direkte til sluttbrukaren, treng ikkje å registrere verksemda.

Avgiftsplikta oppstår når elektrisk kraft blir levert til forbrukaren og ved uttak til eige bruk.

Registrer verksemda som avgiftspliktig

Rapportere avgifter

Avgifta skal rapporterast digitalt. Innlogginga skjer via Altinn. Alle verksemder som er registrerte som avgiftspliktige, kan bruke løysinga.
Rapportere avgifter

Registrere verksemd som avgiftspliktig


 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.