Flypassasjeravgift

  • Skriv ut

Det er avgift på flyging av passasjerar frå norske lufthamner.

Avgiftsplikta gjeld ervervsmessig flyging av passasjerar frå norske lufthamner, unnateke flygingar frå kontinentalsokkelen og lufthamn på Svalbard, Jan Mayen og bilanda. Med "ervervsmessig flyging" meiner vi all flyging unnateke militærflyging og flyging i rednings-, naudhjelps- eller ambulanse­teneste.

Avgiftsplikta oppstår når flyginga begynner, og blir rekna ut per passasjer som begynner ei avgiftspliktig flyging.

Avgiftssats for 2017

Flypassasjeravgift 82 kroner

Fritak frå flypassasjeravgift

Det er fritak frå flypassasjeravgift for:

  • flyselskapa sine tilsette på tenestereise,
  • barn under to år,
  • transitt- og transferpassasjerar.

Registrer verksemda

Norske verksemder som utfører flygingar frå norske lufthamner, og representantar for utanlandske verksemder som utfører flygingar frå norske lufthamner, må registrere seg som avgiftspliktige verksemder, for å rapportere inn og betale flypassasjeravgift.

Les meir om korleis du registrerer eit flyselskap som avgiftspliktig

Regelverk

Rapportere avgifter

Avgifta skal rapporterast digitalt. Innlogginga skjer via Altinn. Alle verksemder som er registrerte som avgiftspliktige, kan bruke løysinga.
Rapportere avgifter

Registrere verksemd som avgiftspliktig


 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.