Registrere flyselskap som avgiftspliktig

  • Skriv ut

Slik registrerer du eit flyselskap som avgiftspliktig

Alle norske verksemder som utfører flygingar frå norske lufthamner er registreringspliktige for flypassasjeravgift. Det same er norske representantar for utanlandske verksemder som utfører flygingar frå ei norsk lufthamn. Dette inneber at utanlandske verksemder som kjem inn under avgiftsplikt, ikkje kan registrere seg sjølve, men pliktar å rapportere inn og betale avgift via representant i Noreg.

Opplysningar om verksemda

For å bli registrert som avgiftspliktig for flypassasjeravgift, ber vi om at de sender oss desse opplysningane:

  • Organisasjonsnummeret til den som skal registrerast som avgiftspliktig
  • Den avgiftspliktige si forretningsadresse
  • Dersom registreringa gjeld ein representant for ei utanlandsk verksemd, må ein i tillegg sende inn følgjande:
  • Kva for utanlandsk verksemd ein representerer
  • Dokumentasjon for avtaleforholdet mellom representanten og den utanlandske verksemda. Det må gå fram av dokumentasjonen at representanten erkjenner å ha dei same rettane og pliktene overfor avgiftsmyndigheita som andre registrerte avgiftspliktige.
  • Kontaktperson for den månadlege rapporteringa. Vi ber om at det blir opplyst om telefonnummer og e-postadresse.
  • Ei oversikt over kva for ruter verksemda trafikkerer frå norske lufthamner
  • Om verksemda driv ruteflyging og/eller charterflygingar

Opplysningane skal sendast via Altinn.

Kva skal rapporterast?

Den avgiftspliktige skal kvar månad rapportere inn desse opplysningane:

Vis heile tabellen i full breidde

Avg.type

Skildring

Avg.gr.

Skildring

Tilleggskode

Skildring

FL

Avgift på flyging av passasjerar

 100

Flyging frå norsk lufthamn til ei anna norsk lufthamn

 

 

FL

Avgift på flyging av passasjerar

 100

Flyging frå norsk lufthamn til ei anna norsk lufthamn

61

Flyging av lufttransportøren sine tilsette på tenestereise

FL

Avgift på flyging av passasjerar

 100

Flyging frå norsk lufthamn til ei anna norsk lufthamn

62

Flyging av barn under to år

FL

Avgift på flyging av passasjerar

 100

Flyging frå norsk lufthamn til ei anna norsk lufthamn

63

Flyging av transittpassasjerar

FL

Avgift på flyging av passasjerar

 100

Flyging frå norsk lufthamn til ei anna norsk lufthamn

64

Flyging av transferpassasjerar

 

 

 

 

 

 

FL

Avgift på flyging av passasjerar

 200

Flyging frå norsk lufthamn til utanlandsk lufthamn

 

 

FL

Avgift på flyging av passasjerar

 200

Flyging frå norsk lufthamn til utanlandsk lufthamn

61

Flyging av lufttransportøren sine tilsette på tenestereise

FL

Avgift på flyging av passasjerar

 200

Flyging frå norsk lufthamn til utanlandsk lufthamn

62

Flyging av barn under to år

FL

Avgift på flyging av passasjerar

 200

Flyging frå norsk lufthamn til utanlandsk lufthamn

63

Flyging av transittpassasjerar

FL

Avgift på flyging av passasjerar

 200

Flyging frå norsk lufthamn til utanlandsk lufthamn

64

Flyging av transferpassasjerar

Innlogging i Altinn

Avgifta rapporterer ein inn elektronisk via Altinn. Vi gjer merksam på at den som skal rapportere inn kvar månad i Altinn må ha norsk fødselsnummer eller D-nummer. I tillegg må vedkomande ha denne rolla:

  • Rekneskapsmedarbeidar (Accounting employee)
  • Tilgang til rekneskapsrelaterte skjema og tenester (Access to accounting related forms and services)

Ønskjer de meir informasjon om elektronisk rapportering av særavgifter viser vi til informasjon om rapportering av særavgifter på Altinn.no.

Har de spørsmål om innlogging, ber vi dykk kontakte Altinn brukarservice.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.