Eg har dagsoppgjer

  • Skriv ut

Dagsoppgjer er ei oppgjersordning der tolldeklarasjonar som er leverte i løpet av ein dag, blir betalt samla den påfølgjande yrkedagen etter fortollinga.

Det er gratis for speditørar å ha dagsoppgjer.

Endringar i innkrevjingsløysinga

Innkrevjingsløysinga for dagsoppgjer blir endra frå 1. mars 2018. I Meldingshandboka finn de ei skildring av e2b fakturaformat som blir teken i bruk for oversikt tolldeklarasjonar med betalingsinformasjon under dagsoppgjersordninga. Dette erstattar dagens edifact-melding frå TVINN.

Betale dagsoppgjer

Du må betale dagsoppgjeret første yrkedag etter fortollinga. Du er sjølv ansvarleg for å betale korrekt beløp innan forfall. Dette gjeld sjølv om du ikkje har fått oversikta over fortollingar.

Betalinga må vere motteken av ein norsk bank seinast på forfallsdagen. Dersom du betaler frå utlandet, må beløpet vere godskrive Skattekontoret sin bank seinast på forfallsdagen. Du kan òg betale dagsoppgjersfakturaer kontant i tollregionane

Kva skjer dersom eg betaler for seint?

Du er sjølv ansvarleg for å halde oversikt over beløpet du skal betale. Dersom du ikkje har betalt det skuldige beløpet, kan løyvet til dagsoppgjer bli stoppa omgåande og utan at du blir varsla på førehand. Ved forseinka betaling må du i tillegg betale renter. Dersom verksemda ikkje lenger er kredittverdig eller andre vilkår ikkje lengre er oppfylte, kan løyvet til dagsoppgjer bli kalla tilbake.

Forholdet til tollskuldnar

Dagsoppgjersordninga endrar ikkje det ansvaret importøren/eksportøren har for å betale toll og avgifter. Speditøren må difor orientere oppdragsgivaren sin om at dette ansvaret ikkje fell bort sjølv om han eventuelt har forskottert toll og avgifter til speditøren.

Informasjon for sluttbrukarsystem

Skatteetaten kjem til å distribuere kontoutskrift som meldingar i Altinn, tenesta heiter i dag "Elektronisk kontoutskrift tollkreditt". Altinn tilbyr fleire måtar for korleis ein sluttbrukar kan hente ut informasjon som blir distribuert via dei og støttar både maskin-til-maskin-kommunikasjon og ein portal der ein kan laste ned informasjonen manuelt.

Sluttbrukaren må sjølv velje kva mekanismar ein ønskjer å nytte for å hente meldingar.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.