Eg har tollkreditt

  • Skriv ut

Med tollkreditt får du utsett betalingsfristen, og betaler toll og avgifter samla kvar månad.

Det kostar 100 kr per månad i dei månadene tollkreditten blir nytta. Dette betaler du til Skatteetaten.

Forfall, betaling og kontoutskrift

Beløp som er belasta tollkreditten i ein kalendermånad, har forfallsdato den 18. i neste kalendermånad.

Døme:
Du importerer varer til Noreg høvesvis 4., 10. og 20. mars. Toll og avgifter for alle varene forfell til betaling 18. april.

Betalinga må vere motteken av ein norsk bank seinast på forfallsdagen. Dersom du betaler frå utlandet, må beløpet vere godskrive Skattekontoret sin bank seinast på forfallsdagen.

Opplysningane om tollkreditt og betalingsfristar er berre tilgjengeleg i Altinn. Vi sender ikkje ut faktura og du er sjølv ansvarleg for å ha oversikt over dette, og betale korrekt beløp. Opplysningar om tolldeklarasjonar og beløp er normalt tilgjengelege i Altinn frå den 2. i den påfølgjande månaden.

Tolldeklarasjonen blir rekna som faktura og fungerer derfor som rekneskapsbilag. Dersom du manglar tolldeklarasjonar eller det er gjort ei feilbelasting, må du ta kontakt med speditøren som har utført fortollinga, ettersom det er dei som skal sende fortollingspapira. Feilbelastingar skal meldast skriftleg til Skattekontoret.

Kva skjer dersom du overskrid kredittgrensa eller betaler for seint?

Dersom du overskrid kredittgrensa som blei sett då du søkte om tollkreditt, blir fortollinga stoppa i Tollvesenet sitt fortollingssystem (TVINN). Du må derfor sjølv halde oversikt over kva for beløp tollkreditten blir belasta med. Viser det seg at kredittgrensa er for låg, kan du søkje om å endre kredittgrensa

Dersom du betaler for seint, blir tollkreditten stengt automatisk. Ved forseinka betaling må du i tillegg betale renter.

Skatteetaten forsikrar seg om at verksemda er kredittverdig så lenge kundeforholdet består. Dersom verksemda ikkje lenger er kredittverdig eller andre vilkår ikkje lenger er oppfylte, kan tollkreditten bli kalla tilbake.

Endring og gjenopning

Dersom kredittgrensa på tollkreditten er sett for lågt eller for høgt, kan du søkje om å få endra kredittgrensa

Dersom du var nødd til å stille sikkerheit for å få tollkreditt og ønskjer å få vurdert krav til sikkerheit på nytt, kan du søkje om fråfall av garantikrav for tollkreditten.

Bruker du ikkje tollkredittkontoen over ein lengre periode, kan kontoen bli stengt automatisk, og du må då søkje om å få opna kreditten att.

Du må søkje med organisasjonsnummeret til føretaket, ikkje ditt eige fødselsnummer.

Stille sikkerheit

Dersom du må auke kredittgrensa eller kredittverdigheita blir redusert, kan Skatteetaten krevje at du stiller sikkerheit for kreditten eller aukar denne. Sikkerheit for tollkreditt skal stillast i form av sjølvskyldnarkausjon frå bank eller forsikringsselskap.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.