Alkoholfrie drikkevarer

  • Skriv ut

Det er avgift på alkoholfrie drikkevarer som blir innførte til Noreg eller blir produserte i Noreg.

Avgifta omfattar:

    • alkoholfrie drikkevarer som er tilsett sukker eller kunstig søtstoff
    • sirup som er tilsett sukker eller kunstig søtstoff og som blir brukt til framstilling av alkoholfrie drikkevarer for sal, i dispenserar og liknande.

Det er ikkje avgift på alkoholfrie drikkevarer i pulverform.

Avgiftssats for 2017

Ferdigvare 3,34 kr per liter
Konsentrat (Sirup) 20,32 kr per liter
Saft og sirup basert på frukt, bær eller grønsaker utan tilsett sukker 1,67 kr per liter
Konsentrat (sirup basert på frukt, bær eller grønsaker) utan tilsett sukker 10,16 kr per liter

Det er og avgift på drikkevareemballasje.

Fritak frå avgift på alkoholfrie drikkevarer

Det er einskilde fritak frå avgiftsplikta. Det er mellom anna fritak dersom alkoholfrie drikkevarer inngår som ein del av eit anna produkt.

Destruksjon

Dersom du skal destruere varer, skal du sende melding om dette til Skatteetaten. Meldinga må innehalde ei fullstendig oversikt over kva varer som skal destruerast, og når og kvar dette skal skje. Melding må sendast seinast 48 timar før de planlegg å gjennomføre destruksjonen. Verksemda må vere registrert som særavgiftspliktig for å kunne få refundert avgiftene ved destruksjon.

Registrering som avgiftspliktig

Har du ei verksemd som importerer alkoholfrie drikkevarer, kan du velje å registrere deg som avgiftspliktig. Dersom du er registrert, betaler du avgifta når du tek varer ut frå lokala til verksemda. Dette lokalet må vere godkjent. Om varene ikkje blir lagde inn i eit godkjent lokale, må du betale avgifta ved import.

Dersom du importerer alkoholfrie drikkevarer og ikkje er registrert som avgiftspliktig, må du betale avgifta ved import.

Registrer verksemda som avgiftspliktig

Rapportere avgifter

Avgifta skal rapporterast digitalt. Innlogginga skjer via Altinn. Alle verksemder som er registrerte som avgiftspliktige, kan bruke løysinga.
Rapportere avgifter

Registrere verksemd som avgiftspliktig


 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.