Alkoholholdige drikkevarer

  • Skriv ut

Det er avgift på all alkoholhaldig drikke over 0,7 volumprosent alkohol, som blir innført til Noreg eller produsert i Noreg. Det er òg avgifter på drikkevareemballasje.

Avgiftssatsar for 2017

Brennevinsbaserte drikkevarer over 0,7 volumprosent  7,46 kr per volumprosent og liter
Alkoholhaldig drikke over 0,7 t.o.m. 2,7 volumprosent 3,34 kr per liter
Alkoholhaldig drikke over 2,7 t.o.m. 3,7 volumprosent 12,54 kr per liter
Alkoholhaldig drikke over 3,7 t.o.m. 4,7 volumprosent 21,72 kr per liter
Alkoholhaldig drikke over 4,7 t.o.m. 22 volumprosent 4,86 kr per volumprosent og liter

Det er òg avgifter på drikkevareemballasje.

Fritak frå alkoholavgifta

Det er fritak for alkoholavgifta for alkohol som skal brukast til teknisk, vitskapleg eller medisinsk bruk. Ein må gjere alkoholen utenleg for drikke eller på annan måte kunne garantere at den ikkje blir brukt til drikke. Les meir om avgift på teknisk etanol og etanolhaldige preparat

Søkje om løyve til omsetjing

Virksomheter som ønskjer å selje alkohol må være registrert for dette. Søknad om løyve må sendes til Skattetaten.  Søknaden må innehalde opplysingar om lagerlokale og type drikkevare. Politiattest må leggjast ved søknaden.

Destruksjon

Dersom du skal destruere varer, skal du sende melding om dette til Skatteetaten. Meldinga må innehalde ei fullstendig oversikt over kva varer som skal destruerast, og når og kvar dette skal skje. Melding må sendast seinast 48 timar før de planlegg å gjennomføre destruksjonen. Verksemda må vere registrert som særavgiftspliktig for å kunne få refundert avgiftene ved destruksjon. Skal du destruere alkoholhaldige drikkevarer, må du betale eit gebyr på 500 kr.

Alkoholhaldige drikkevarer kan nyttast til dyrefor i staden for at varene blir destruerte. Dette gjeld berre på særskilde vilkår.

Registrer verksemda

Ei verksemd som importerer eller produserer alkoholhaldige drikkevarer, må registrere seg som avgiftspliktig verksemd. Du betaler avgifta når du tek varer ut frå lokala til verksemda. Dette lokalet må vere godkjent.

Registrer verksemda som avgiftspliktig

Rapportere avgifter

Avgifta skal rapporterast digitalt. Innlogginga skjer via Altinn. Alle verksemder som er registrerte som avgiftspliktige, kan bruke løysinga.
Rapportere avgifter

Registrere verksemd som avgiftspliktig


 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.