Drikkevareemballasje

  • Skriv ut

Det er to typar avgifter på drikkevareemballasje: miljøavgift og grunnavgift. Avgifta blir rekna ut per emballasjeeining.

Miljøavgift for 2017

Glas og metall 5,70 kr per enhet
Plast 3,44 kr per enhet
Kartong og papp 1,41 kr per enhet

Emballasje som inngår i godkjende retursystem får redusert miljøavgiftssats etter kor stor returdelen er. Ein må oppnå ein returdel på minimum 25 prosent for å få redusert sats. Dersom returdelen er på 95 prosent eller høgare fell avgifta bort.

Grunnavgift for 2017

Grunnavgifta skal betalast dersom ein ikkje kan nytte emballasjen omatt i si opphavlege form.

Grunnavgift på eingongsemballasje 1,17 kr

Fritak frå miljø- og grunnavgift

Det er fritak for miljøavgift for emballasje som blir brukt til:

  • Drikkevarer i pulverform
  • Morsmjølkerstatning

Det er ikkje grunnavgift på eingongsemballasje som inneheld:

  • Mjølk og mjølkeprodukt
  • Drikkevarer framstilt av kakao og sjokolade og konsentratet av dette
  • Varer i pulverform
  • Korn- og soyabaserte mjølkeerstatningsprodukt
  • Morsmjølkerstatning

Registrer verksemda

Har du ei verksemd som importerer alkoholfrie drikkevarer, kan du velje å registrere deg som avgiftspliktig. Dersom du er registrert, betaler du avgifta når du tek varer ut frå lokala til verksemda. Dette lokalet må vere godkjent.

Dersom varene ikkje blir lagde inn i eit godkjent lokale, må du betale avgifta ved import.

Verksemder som importerer eller produserer alkoholhaldige drikkevarer, må registrere seg som avgiftspliktig verksemd.

Registrer verksemda som avgiftspliktig

Rapportere avgifter

Avgifta skal rapporterast digitalt. Innlogginga skjer via Altinn. Alle verksemder som er registrerte som avgiftspliktige, kan bruke løysinga.
Rapportere avgifter

Registrere verksemd som avgiftspliktig


 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.