Sjokolade- og sukkervarer

  • Skriv ut

Det er avgift på sjokolade- og sukkervarer som blir innførte til Noreg eller produserte i Noreg. Det er òg avgift på sjokolade- og sukkervarer som ikkje er tilsett sukker eller søtingsmiddel.

Avgiftssats for 2017

Sjokolade- og sukkervarer 20,19 kroner per kg

Fritak frå avgift på sjokolade- og sukkervarer

Dersom sjokolade- og sukkervarer inngår som ein del av eit anna produkt, er det fritak for avgifta. Eit døme på dette er sjokolade- og sukkervarer som ein bruker til is og bakverk.

Destruksjon

Dersom du skal destruere varer, skal dusende melding om dette til Skatteetaten. Meldinga må innehalde ei fullstendig oversikt over kva varer som skal destruerast, og når og kvar dette skal skje. Melding må sendast seinast 48 timar før de planlegg å gjennomføre destruksjonen. Verksemda må vere registrert som særavgiftspliktig for å kunne få refundert avgiftene ved destruksjon.

Registrer verksemda

Har du ei verksemd som importerer sjokolade- og sukkervarer, kan du velje å registrere deg som avgiftspliktig. Dersom du er registrert, betaler du avgifta når du tek varer ut frå verksemda sine lokale. Dette lokalet må vere godkjent.

Om varene ikkje blir lagde inn i eit godkjent lokale, må du betale avgifta ved import. Dersom du importerer sjokolade- og sukkervarer som ikkje er registrert som avgiftspliktige, må du betale avgifta ved import.

Dei som produserer sjokolade- og sukkervarer må registrere seg som avgiftspliktig verksemd.

Registrer verksemda som avgiftspliktig

Rapportere avgifter

Avgifta skal rapporterast digitalt. Innlogginga skjer via Altinn. Alle verksemder som er registrerte som avgiftspliktige, kan bruke løysinga.
Rapportere avgifter

Registrere verksemd som avgiftspliktig


 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.