Sukker

  • Skriv ut

Det er avgift på sukker som blir innført til Noreg eller produsert i Noreg.

Avgifta omfattar

Det er avgift på mellom anna desse sukkertypane:

  • Farin
  • Melis
  • Kandissukker
  • Raffinade
  • Perlesukker

Det er òg avgift på sukkeroppløysing av desse. Det er ikkje avgift på glykose (druesukker), invertsukker, melasse, mjølkesukker (laktose), kunsthonning, karamell, sukkerkulør, honning, diabetsukker, 100 prosent lønnesirup og fondantpulver som ikkje er utvunne av roe- eller røyrsukkerplantar.

Avgiftssats for 2017

Avgifta blir rekna ut per kilo.

Per kilo av vara si avgiftspliktige vekt 7,81 kroner

Fritak frå sukkeravgifta

Dersom sukker inngår som ein del av eit anna produkt, er det fritak for avgifta. Døme på dette er sukker til bakeri, mineralvatn-, sjokolade- og saftfabrikkar (produksjon til sal).

Destruksjon

Dersom du skal destruere varer, skal du sende melding om dette til Skatteetaten. Meldinga må innehalde ei fullstendig oversikt over kva varer som skal destruerast, og når og kvar dette skal skje. Melding må sendast seinast 48 timar før de planlegg å gjennomføre destruksjonen. Verksemda må vere registrert som særavgiftspliktig for å kunne få refundert avgiftene ved destruksjon. 

Registrer verksemda

Har du ei verksemd som importerer sukker, kan du velje å registrere deg som avgiftspliktig. Dersom du er registrert, betaler du avgifta når du tek varer ut frå verksemda sine lokale. Dette lokalet må vere godkjent.

Om varene ikkje blir lagde inn i eit godkjent lokale, må du betale avgifta ved import. Dersom du importerer sukker og ikkje er registrert som avgiftspliktig, må du betale avgifta ved import.

Registrer verksemda som avgiftspliktig

Rapportere avgifter

Avgifta skal rapporterast digitalt. Innlogginga skjer via Altinn. Alle verksemder som er registrerte som avgiftspliktige, kan bruke løysinga.
Rapportere avgifter

Registrere verksemd som avgiftspliktig


 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.