Driv du innan jordbruk, skogbruk og fiske skal du rapportere mva ein gong i året

  • Skriv ut

Dersom du driv med jordbruk, skogbruk og fiske, skal du levere årleg mva-melding for meirverdiavgift. Dette gjeld òg andre som driv innan primærnæringa. Kravet til at du skal ha under 1 million i omsetning gjeld ikkje.

Frist for innsending: 10. april (gjeld jordbruk, skogbruk og fiske)
Du må sende inn sjølv om omsetninga for perioden er null.

Dersom du har anna avgiftspliktig omsetning i tillegg til drift innan jordbruk, skogbruk eller fiske, kan du søkje om å levere årleg mva-melding for denne omsetninga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.