Små virksomheter kan søke om å rapportere mva en gang i året

  • Skriv ut

Somme verksemder kan betale ein gong i året. Då gjeld bestemte reglar. Frå og med 01.01.2017 blir det strengare krav til søkjarane.

Å rapportere meirverdiavgift ein gong i året kallar vi for årstermin.

Desse krava gjeld for deg som søkjer om årstermin:

  • Omsetninga må vere for under 1 million kroner dei siste 12 månadene.
  • Du må ha vore registrert i Meirverdiavgiftsregisteret i minst 1 år.
  • Du må ha levert mva-meldinga på rett måte og til rett tid annankvar månad i minst 1 år.

Søknadsfrist: 1. februar

Frist for innsending: 10. mars (gjeld deg som har søkt om årstermin)
Du må sende inn sjølv om omsetninga for perioden er null.

Søk om årstermin via Samordna registermelding

Gå tilbake til å betale annankvar månad?

Dersom du ønskjer å gå tilbake til å betale annankvar månad, må du søkje skattekontoret innan 1. desember for at dette skal gjeld frå 1. januar året etter. Dersom søknaden blir innvilga, må du levere annankvar månad minimum dei to neste åra. Dersom omsetninga er over 1 million kroner, har du plikt til å søkje.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.