Slik fungerer mva

  • Skriv ut

Meirverdiavgift (mva) er ein skatt du som forbrukar betaler på nesten alle varer og tenester.

For bedrifter og organisasjonar som skal betale meirverdiavgift til staten, er meirverdiavgifta som regel ingen kostnad. Som næringsdrivande må du betale meirverdiavgift på innkjøpa dine, men som oftast kan du få frådrag for denne avgifta. 

Meir om meirverdiavgift 

Kva er utgåande meirverdiavgift?

Med utgåande meirverdiavgift meiner vi den meirverdiavgifta som ein næringsdrivande som er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret skal rekne ut og krevje inn når han eller ho sel varer og tenester. Du skal rekne ut utgåande meirverdiavgift både når du sel noko til andre næringsdrivande og til vanlege forbrukarar. Du skal òg rekne ut meirverdiavgift dersom du tek ut varer eller tenester frå verksemda til eige bruk.    

Kva er inngåande meirverdiavgift?

Inngåande meirverdiavgift er den avgifta du som næringsdrivande betaler når du kjøper varer eller tenester til verksemda di. Ein næringsdrivande som er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret kan føre frådrag for denne avgifta.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.