Frådrag for meirverdiavgift

  • Skriv ut

Du kan du få frådrag for meirverdiavgifta du har betalt. Dette gjeld berre for verksemder som er registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret. Retten til frådrag kan òg gjelde når du sel varer og tenester som er fritekne for utrekning av meirverdiavgift.

For at du skal ha rett til frådrag, må desse kriteria vere oppfylte:

  • Varene og tenestene skal nyttast i verksemda.
  • Seljaren har rekna ut meirverdiavgift av vara eller tenesta.
  • Meirverdiavgifta må stå på kvitteringa (eller eit anna salsdokument).
  • Du må kunne vise fram salsdokumentet ved kontroll.
  • Verksemda må vere registrert i Meirverdiavgiftsregisteret.

Frådragsretten gjeld ikkje når

  • du har kjøpt noko som skal nyttast privat
  • du har kjøpt noko som skal nyttast i ei verksemd med omsetning som er unnateken frå meirverdiavgiftslova

Det finst nokon unnatak til frå retten til frådrag. Desse er definerte i meirverdiavgiftslova § 8-3.

Delvis frådragsrett for meirverdiavgift

Dersom du driv ei bedrift med ei verksemd både i og utanfor meirverdiavgiftslova, kan du ha delvis frådragsrett.

Døme på delvis frådragsrett

Du driv med musikkundervisning og sel musikkinstrument til elevane. Du kjøper inn ei kopimaskin som skal nyttast i verksemda. Du kan berre føre frådrag for den delen av verksemda som gjeld sal av musikkinstrument. Du må rekne ut frådraget for meirverdiavgift ut frå kor stor del av omsetninga dei ulike delane har.

Frådragsretten gjeld berre for meirverdiavgift på varer og tenester du kjøper inn. Dette kallar vi inngåande meirverdiavgift.

Frådrag for meirverdiavgift på kjøp før registrering i Meirverdiavgiftsregisteret

Verksemder har rett til frådrag for meirverdiavgift på mange varer og tenester som er kjøpte inntil tre år før dei registrerte seg i Meirverdiavgiftsregisteret. Dette kallar vi tilbakegåande avgiftsoppgjer. Vi set som føresetnad at innkjøpa skal nyttast i verksemda.

Bedrifter og organisasjonar kan føre frådrag for meirverdiavgift på varer og tenester som ikkje er selde vidare før registreringa.

Du kan krevje tilbakegåande avgiftsoppgjer ved å endre tidlegare leverte mva-meldingar. Dette gjer du ved å sende inn ei tilleggsoppgåve for terminen då du blei registrert i Meirverdiavgiftsregisteret.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.